Sosialisering gjennom eit heilt liv - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Sosialisering gjennom eit heilt liv

Sosialiseringsprosessen er ein livslang prosess, og gjennom ulike fasar i livet har vi relasjonar til både andre menneske og mange arenaer i samfunnet. Som menneske er vi eit produkt av dette. I denne oppgåva skal du reflektere over sosialiseringsprosessen.

I denne oppgåva skal du lage ein fiktiv person og reflektere over sosialisering som ein livslang prosess for denne personen. Denne prosessen skal du presentere i form av ei tidslinje.

Oppgåve

Del 1: Lag ein fiktiv person

Førebu innhaldet i tidslinja gjennom å velje:

  • Kjønn, morsmål, namn
  • Bustad i ulike fasar av livet
  • Familie som barn, sivil status som voksen
  • Venneforhald gjennom livet
  • Utdanning fram mot yrke
  • Yrke/karriere
  • Livsstil, fritidsinteresser, deltaking i organisasjonar

Del 2: Lag ei tidslinje

No skal du gå i gang med å lage og reflektere over sosialiseringsprosessen til mennesket ditt i form av å lage ei tidslinje. Her skal du bruke omgrep undervegs.

Til dømes viss du har valt jente som kjønn, vil kjønnsrolle vere eit relevant omgrep å bruke. Mennesket vil ha ulike roller gjennom livet, nokon skiftar, nokon består – og det er ulike normer knytt til rollene. I dei første åra vil det vere relevant å snakke om primærsosialisering, og etter kvart som hen blir eldre; sekundærsosialisering. På denne måten kan du sørgje for at du aktivt bruker fagomgrep undervegs. Du kan bruke spørsmåla i ramma under for å komme i gang.

Kva betyr kjønn/kjønnsidentitet for sosialiseringsprosessen? Korleis påverkar kjønnsroller eit menneske – til dømes i val av klede, interesser, venner, og utdanning?

Kva betyr økonomien og utdanninga til foreldra?

Kva betyr det kva ungdomsmiljø ein tilhøyrer?

Kva betyr utdanning og yrke?

Korleis endrar forholdet til venner og interesser seg i ulike fasar av livet?

Kva betyr livsstil og fritidsinteresser?

Relevante fagomgrep du kan bruke
  • sosialisering
  • sosiale grupper
  • normer, formelle og uformelle
  • samfunn, sosialiseringsarenaer
  • identitet
  • primærgruppe, sekundærgruppe, referansegruppe
  • sanksjonar
  • sjølvbilete
  • generaliserte andre
  • prefigurativ sosialisering
  • normsendar
  • sekularisering

Del 3: Presenter tidslinja

Presentasjonen din skal vere minimum 5 minutt og maksimum 10 minutt. Bruk omgrep undervegs når du reflekterer over sosialiseringsprosessen for den fiktive personen din. Du kan presentere munnleg for ein medelev eller klassen, eller du kan spele inn presentasjonen din. Bruk både bilete, teikningar/illustrasjonar og tekst. Du kan òg bruke digitale verktøy for å lage tidslinja.

Verktøy for å lage tidslinje:

Timetoast

Vizzlo

Prezi

Del 4: Kvarandrevurdering av tidslinje/presentasjon:

Du skal no vurdere presentasjonen til ein medelev, og medeleven skal vurdere din. De skal ta utgangspunkt i desse tre punkta:

  1. Trekk fram noko som var svært bra med presentasjonen til medeleven din. Det kan vere bruken av fagomgrep undervegs, det kan vere at eleven har vist og reflektert over mange trekk ved sosialiseringsprosessen på ein svært god måte. Kva likte du godt med presentasjonen?
  2. Still eit spørsmål. Det kan vere noko du ønskjer å få forklart, eller noko du ønskjer få utdjupa betre. Kva ville du gjerne fått vite meir om?
  3. Gi eit forslag til noko du meiner kunne forbetra presentasjonen, eller bli gjort på ein annan måte. Kunne noko vore teke bort eller lagt til?
Skrive av Kristin Sundstrøm .
Sist fagleg oppdatert 07.12.2020