Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Intro

CC BY-SA

Media er ein viktig del av ungdommane sin kvardag, men det finst mange ulike teoriar om korleis media påverkar ungdom. Utforsk dei mange ulike måtane media kan vere med på å forme og synleggjere identiteten din.

I arbeidet med denne læringsstien vil du

  • få kunnskap om hva identitet er, og kva for faktorar som kan påverke han
  • få kjennskap til ulike teoriar om mediepåverknad
  • reflektere over korleis medium, stereotypar, gruppetilhøyrsel og sosiale roller kan vere med på å forme og synleggjere identiteten vår
  • utforske media som ein sosialiseringsarena og diskutere kjønnsforskjellar i bruken av medium
  • diskutere korleis media formidlar og påverkar identiteten vår ved hjelp av konkrete døme

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i alle fag, men somme artiklar og oppgåver kan passe spesielt godt i samfunnskunnskap, norsk, mediefag og kultur og kommunikasjon.