Hopp til innhald

Fagstoff

Sosiale roller og normer

Sosialiseringa er ein livslang prosess der vi møter stadig nye forventningar og lærer nye sosiale roller. Ei sosial rolle er summen av alle forventningane og normene som knyter seg til ei bestemd oppgåve eller stilling.
Raudruss som sit på ein benk med beina hengande ned. Vi ser beina og delvis overkroppar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosiale roller

Gutar og jenter i tenåra har fleire ulike sosiale roller, for eksempel elevrolla. Kvar elev møter ei rekkje ulike forventningar frå mange hald. Foreldra har nokon forventningar, klassekameratane har nokre og lærarane atter andre. Gjennom livet får vi stadig nye roller knytte til for eksempel utdanning, yrke og fritid. Vi opplever nye situasjonar der vi må tileigne oss nye normer, ritual og reglar. Kvar dag fyller vi ei rekkje ulike roller på ulike område og nivå:

  • i privatlivet som barn, søster, bror, venn, kjærast, mor, far
  • i samfunnslivet som skuleelev, student, nabo, medlem av idrettslaget, lokalpolitikar
  • i arbeidslivet som produksjonsarbeidar, funksjonær, arbeidsleiar, rikspolitikar, sjef

I russetida har du for eksempel rolla som russ, og til den rolla er det knytt normer – forventningar til og reglar for kva russen kan gjere. Og som russ opplever kanskje ungdom ein konflikt mellom rolla som russ og rolla som elev.

Normer

Normer er forventningar vi har til korleis ein person med ei bestemd rolle skal oppføre seg i ulike grupper og i ulike situasjonar.

Det finst fleire typar normer. Nokre gir oss påbod, nokre fortel oss kva som er akseptabel oppførsel, og nokre seier oss kva vi ikkje skal gjere. Alle samfunn treng felles normer for at menneskeleg åtferd skal bestå. Felles normer bind menneska i eit område saman i eit kulturelt fellesskap. I alle kulturar er det for eksempel normer for korleis vi skal kle oss ved ulike høve, når vi skal snakke, når vi skal teie, kva vi skal ete eller ikkje ete, og korleis vi gjer det. Om vi ikkje forstår andre sine normer i slike samanhengar, kan det lett oppstå pinlege situasjonar.

Rollekonflikt

Dersom vi føler at det blir stilt motstridande krav til dei rollene vi fyller, opplever vi ein rollekonflikt. Rollekonfliktar kan oppstå på to måtar:

  • Det blir stilt motstridande forventningar til ei rolle frå ulike hald.
  • Vi har fleire roller som vi vanskeleg kan foreine.

Den første forma for rollekonflikt opplever mange ungdommar når dei møter ulike og motstridande forventningar frå foreldre og venner. Foreldra ønskjer gjerne at dei skal bruke tid på skule og utdanning, mens vennene vil at dei skal bruke tid saman med dei. Ein sjukepleiar kan hamne i ein rollekonflikt dersom sjukehusadministrasjonen stiller krav om mest mogleg effektiv pleie, og dette strir mot pasienten sitt ønske om mest mogleg omsorg.

Idrettsstjerner gir ofte uttrykk for at rolla som topputøvar er vanskeleg å kombinere med rolla som familiemedlem. Det er eitt eksempel på roller som kan vere vanskelege å foreine. Eit anna eksempel er kvinnelege leiarar som fortel at dei går rundt med konstant dårleg samvit. Dei føler eit dobbelt press ved at dei ikkje får tid til å ta seg av barna på grunn av stort arbeidspress, og forventningane til morsrolla er problematisk å foreine med forventningane til leiarrolla.

Vi reagerer som regel med stress når vi opplever rollekonfliktar. Løysinga kan vere å trekkje seg ut av rolla. Den kvinnelege leiaren vel gjerne å slutte, idrettsstjerna legg kanskje opp. Ei anna løysing kan vere å oversjå eller late vere å ta omsyn til ein del av forventningane og krava til rolla. Eit tredje alternativ er å endre innhaldet i rolla, men det krev at vi har makt til å gjere det. Innanfor eit sosialt system er det få aktørar som har så mykje makt at dei kan endre innhaldet i ei rolle.

Verdiar, normer og sanksjonar

Kunnskap om verdiane, normene og sanksjonane i ein kultur er ei viktig sosial ferdigheit. Verdiar er dei grunnleggande måla for kva vi meiner er rett og gale. Alle har sine individuelle verdiar, men vi har òg verdiar vi deler med andre i vår eigen kultur – kulturelle verdiar.

Verdiar er tillærte, og dei varierer frå kultur til kultur. Måten samfunnet ser på alder og erfaring på, er eitt eksempel på korleis verdiar blir vurderte ulikt. I enkelte kulturar blir for eksempel høg alder høgt verdsett, fordi dei eldre har meir livserfaring enn dei yngre. Det er vanleg at unge søkjer råd hos dei eldre, og eldre har ein spesiell status og posisjon i samfunnet. I vår kulturkrins blir derimot «ungdommelege» verdiar høgt verdsette. Mange prøver å fjerne teikna på aldring ved å bruke sminke og gjennomgå kosmetisk kirurgi. Idealet er ein ungdommeleg utsjånad.

Ein mann retter finger mot og skrik til ei jente som ser overraska ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdiane er «golvet» eller fundamentet vi står på i tilværet, og normer er veggane som avgrensar handlingane våre. Det er desse vi støyter mot når vi prøver å bevege oss utanfor det akseptable rommet – når vi prøver å bryte normer. Normer er reglar for åtferd, og dei byggjer på verdiane. Derfor varierer også normene frå kultur til kultur.

Internalisering

Når vi lærer språk, gestar og verdiar og tileignar oss andre sine haldningar og normer og gjer dei til våre eigne, kallar vi det for internalisering. Internalisering skjer gjennom kontakt med andre i ei gruppe der vi føler oss heime, og når det finst klare og truverdige normsendarar.

Dersom ungdom skal fungere som medlemmer av ein vennegjeng, må dei gjere normene i vennegjengen til sine eigne. Når vi skal skaffe oss eit bilete av kulturen i ei gruppe, er det ikkje nok å vite kva kvar enkelt meiner. Det er like viktig å få oversikt over kva enkeltmedlemmene trur dei andre meiner. Dersom vi som medlem i ei gruppe trur at dei andre gruppemedlemmene aksepterer innbrot og tjuveri som bevis på mot, tøffheit og sjølvstende, vil våre eigne meiningar ha lite å seie. Kvar enkelt av oss kan meine at innbrot og tjuveri er uakseptabelt, men dersom vi trur at dei andre meiner noko anna, er det vanskeleg å fremje eigne meiningar. Vi trekkjer slutningar om kva dei andre meiner, ut frå ei tolking av kva dei andre har av ordrar, antydingar, reaksjonar, gestar og handlingar. Haldningane blir overførte ved hjelp av signal, som uttrykkjer kva forventningar gruppa har til korleis vi skal oppføre oss. I ei kriminell gruppe vil for eksempel medlemmene føle eit press om å delta i kriminelle handlingar. Når ein person har tileigna seg haldningane og normene til gjengen, er normene internaliserte.

I ei sosial gruppe er det ofte éin person som i større grad enn dei andre formidlar normene, og denne personen kallar vi normsendar. Normsendaren sin styrke eller innverknad avheng av kva for autoritet vedkommande har i gruppa, kva slags forhold dei andre har til denne personen, og kva alternativ dei har. Dersom ein person risikerer å bli utestengd frå gruppa dersom han eller ho ikkje oppfyller forventningane eller normene, har normsendaren stor makt. Denne makta blir endå sterkare dersom det ikkje finst noko sosialt alternativ å knyte seg til for dei enkelte gruppemedlemmene.

Barn og unge vil gjennom oppveksten møte ei rekkje ulike normsendarar. Dei første og viktigaste normsendarane er foreldra. På eit tidleg stadium er barnet både kjenslemessig og materielt avhengig av dei. Det er foreldra sine normer og haldningar som dominerer hos barnet. Seinare kan vennegrupper òg bli normsendarar, og det hender at normene i vennegruppa strir mot normene som foreldra har formidla. I slike tilfelle kan mange føle at dei kjem i ein normkonflikt. Kva normsendarar skal dei tilfredsstille, foreldra eller vennene?

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Sosialiseringsprosessen