Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samtalar om rus

I overgangen frå barn til ungdom endrar ofte haldningane seg når det gjeld rus. Jo meir ope og naturleg vi snakkar med ungdommar om rus, jo meir kan vi hjelpe dei til å ta kloke val og førebyggje uheldig rusbruk.
Tre ungdommar deler ei flaske sprit. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ver ein god samtalepartnar

Ein viktig del av å jobbe med ungdommar er å skape gode relasjonar. Det gjer du ved å vere ein person ungdommane kan stole på. Du bør òg vere føreseieleg, open, anerkjennande og empatisk og ha humor. Forsking har vist at dersom ungdommane har gode rollemodellar som skaper gode relasjonar til dei, er det mindre sannsynleg at dei utviklar uhelse. Korleis kan du snakke med ungdommar om rus?

Refleksjonar i grupper

De jobbar på ein ungdomsklubb, og de får mange spørsmål frå ungdommane knytte til rus. Del dykk opp i små grupper på tre–fire, og reflekter saman.

  1. Ein ungdom fortel at han eller ho skal på fest, men er redd for at det blir mas om å drikke. Korleis kan du hjelpe og støtte ungdommen i denne situasjonen? Grunngi vala dykkar. Er det forskjell på om personen er jente eller gut?

  2. Gi nokre døme på situasjonar der det kan bli mas eller press om å drikke. Kva kan vi gjere for å unngå drikkepress?

  3. To ungdommar kjem og fortel dykk at dei trur at ein av medlemmene i klubben har byrja å røykje hasj, og at han har vore rusa på klubben. Kva kan de gjere? Korleis vil de gå fram? Forklar kvifor. Kva dilemma kan oppstå når ein ungdom fortel slike ting til dykk?

  4. Nokre ungdommar på klubben fortel at dei har høyrt rykte om at ein som jobbar på klubben, røykjer hasj. Kva kan de gjere? Forklar kvifor.

  5. Ein av klubbungdommane har byrja å selje narkotika til andre ungdommar. Kva gjer de? Kven kan de samarbeide med?

  6. Ein av ungdommane på klubben har planar om å feire 17-årsdagen sin. Han ønskjer at det skal vere alkoholfritt, men kompisane vil ha med alkohol. Gi tips til ungdommen om korleis han kan lage ein kul fest utan alkohol.

  7. Vi har alle private tankar knytte til rusmiddel. Som profesjonell og rollemodell er det lurt å ha reflektert over kva du bør svare når du får desse spørsmåla frå ungdommane:

    1. Kva tenkjer du om at det er 18-årsgrense på alkohol?

    2. Bør hasj bli legalisert?

    3. Har du vore full?

    4. Kor gammal var du den første gongen du drakk alkohol?

  8. Planlegg ein alkoholfri fest for ungdommar på ein ungdomsklubb. Tenk igjennom desse spørsmåla før de startar planlegginga:

    • Kven er ungdommane? Kva er dei interesserte i?

    • Kvar skal de vere, og korleis ser det ut i lokala? Er det inne eller ute?

    • Kva skal de servere av mat og drikke?

    • Kva skal skje av underhaldning og liknande?

  9. Dersom det lèt seg gjere, gjennomfør, vurder og dokumenter ein alkoholfri fest for ungdommar.

Relatert innhald

Kilder

Blå Kors. (u.å). Slik får du gode samtaler med ungdom. Hentet 07. august 2021 fra https://www.blakors.no/ressursbank/snakkekort-for-ungdom

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Kriminalitet og rus