Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvifor rus?

Kvifor vel nokon å ruse seg, og kvifor vel nokon å la vere? Reflekter over årsakene til rusmiddelbruk, og over korleis rusmiddel blir framstilte i populærkulturen.
To unge jenter festar og drikk saman i ei leilegheit. Dei held kvar si flaske med alkoholhaldig drikke i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Kvifor rus?

  1. Kva trur de er dei vanlegaste rusmidla blant ungdom på skulen dykkar?

  2. Kva er dei viktigaste årsakene til at nokon bruker rusmiddel, trur de?

  3. Ifølge undersøkingar trur mange ungdommar at dei på same alder bruker meir rusmiddel enn det dei faktisk gjer. Kva er årsakene til denne misforståinga, trur de?

Gutar og jenter i russedressar festar og drikk saman i ein russebuss. Foto.

Oppgåve 2. Dei av oss som ikkje drikk

Diskuter i grupper:

  1. Er det nokon forskjell på det å seie nei til alkohol på fest og det å seie nei til til dømes pizza, pasta eller cola fordi du ikkje liker det? Kvifor? Kvifor ikkje?

  2. Kvifor trur de at det ikkje er akseptert å drikke eller bruke rusmiddel i somme miljø? Grunngi svaret.

  3. Kvifor trur de at det ikkje er akseptert å la vere å drikke eller bruke rusmiddel i somme miljø? Grunngi svaret.

  4. Kva kan vi gjere for at alle skal få velje sjølv om dei vil bruke rusmiddel på fest eller ikkje?

Mann ligg i ei seng i sengeklede av fint stoff. Han ser heilt forfjamsa ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utforskingsoppgåve

Uforsk korleis bruken av rusmiddel blir framstilt i kulturen vår.

  1. Vel ein film, song, video, teikneserie, ei bok, eit blogginnlegg eller noko liknande der ungdom bruker rusmiddel.

  2. Korleis blir bruken av rusmiddel framstilt? Er det til dømes positivt, negativt, overdrive eller realistisk?

  3. Kvifor er rusmidla framstilte på denne måten, trur de? Kva verdiar og førestillingar om rus kan ligge bak framstillinga?

  4. Kva kan denne framstillinga fortelje oss om kvifor nokon vel å bruke rusmiddel?

Denne oppgåva er skriven i samarbeid med RUSinfo.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2023

Læringsressursar

Kriminalitet og rus