Hopp til innhald

Fagstoff

Rusavhengigheit: Når jeg faller

Når jeg faller er ein røyndomsnær film om ein ung mann sin kamp for å bli rusfri. Filmen fortel ei historie om kor vanskeleg det er for menneske å ta vare på nokon andre, når det einaste vedkommande tenkjer på, er å ruse seg.
Nærbilete av ung mann med hettegenser og rynka panne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før filmen

Rusavhengigheit er eit stort problem både for den som ruser seg, omgivnadene og ikkje minst samfunnet. Finn ut følgjande:

  1. Kva er det som gjer at nokre menneske blir rusavhengige mens andre ikkje?

  2. Finn ut kva Folkehelseinstituttet seier om narkotikabruk i den norske befolkninga.

  3. Kvifor byrjar menneske å ruse seg? Søk gjerne på nettet.

  4. Korleis trur du at ein kan få ned rusavhengigheita i befolkninga?

Oppgåver etter filmen

Før du ser filmen, er det lurt å lese igjennom oppgåvene. Ta gjerne notat undervegs i filmen.

  1. Kva trur du er hovudbodskapen i filmen?

  2. Korleis vil du beskrive Joachim?

  3. Kva trur du er grunnen til at Joachim byrja å ruse seg?

  4. Korleis er Joachim sitt forhold til menneska som er i livet hans (far, bror, Maria, psykologen, kollegaer og Lukas)?

  5. Lukas har ikkje vore ein del av livet til Joachim før Maria må i fengsel. Kva trur du er grunnen til det?

  6. Korleis er det for barn å vekse opp med rusmisbrukande foreldre?

  7. Forholdet mellom Joachim og Lukas endrar seg gjennom filmen. Beskriv korleis det endrar seg, og forklar kvifor du meiner det.

  8. For å sjekke om menneske er rusfrie, bruker ein ofte urinprøver. Kva tenkjer du om det?

  9. Kven har bestemt at Joachim må ta urinprøver, og korleis klarer han å levere urinprøver som er reine, altså fri for narkotiske stoff?

  10. Kva hjelpesystem er rundt Joachim, og kva inntrykk har du av dei i filmen?

  11. Kva trur du er den beste hjelpa å gi narkomanar?

  12. Tenk deg at du jobbar på skulen der Lukas er elev. Kva ville du ha fokusert på for å gi Lukas best mogleg omsorg, og kva instansar ville du ha samarbeidd med? Grunngi.

  13. Kva tenkjer du om slutten av filmen?

  14. Kva haldningar har du sjølv til

    1. rusmiddel

    2. rusavhengige

    3. barn av rusavhengige

    4. narkotikapolitikken i Noreg

  15. Du skal skrive eit blogginnlegg til ein barne- og ungdomsarbeidar. I blogginnlegget ditt skal du få fram kor viktig det er at barne- og ungdomsarbeidaren er bevisst sine eigne haldningar til rusmiddel, og korleis han eller ho kan vere med på å førebyggje bruk av rusmiddel. Vel sjølv kva rusmiddel du vil skrive om.

Seks tips til kva ein blogg bør innehalde
  • Gode blogginnlegg minner om gode historier. Før du startar, bør du tenkje gjennom kva du ønskjer å formidle av faktaopplysningar om det rusmiddelet du har valt.

  • Overskriftene skal vekkje interesse. Gode overskrifter fungerer som samandrag av innhaldet. Når du er ferdig med å skrive, er det lurt å gå igjennom overskriftene og sjå om dei er tydelege nok.

  • Skriv kort og presist. Jo meir presist du skriv, jo enklare er det å lese teksten.

  • Skriv det du tenkjer er viktigast først. Deretter kan du fylle på med detaljane vidare i teksten.

  • Bruk gjerne bilete eller videoar i blogginnlegget ditt. Visuelle element engasjerer lesaren meir enn viss blogginnlegget berre inneheld tekst.

  • Opplys alltid om kjelder slik at blogginnlegget ditt blir truverdig.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Kriminalitet og rus