Hopp til innhald

Fagstoff

Når barn stel

Tjuveri blir ofte definert som at ein tek noko som ikkje er eins eige. Lån er når ein på førehand har avtalt og fått tillating frå eigaren til å bruke eller ta med seg den eigedelen det gjeld.
Ein gut tek opp ei lommebok med pengesetlar som ligg på ein veg. Ei gammal dame i bakgrunnen går bort frå staden. Guten har blikket mot dama og har eit lurt eller slemt ansiktsuttrykk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar går grensa mellom eit lån og eit tjuveri?

Inger finn ikkje sykkelen sin når ho skal bruke han, og ho melder han stolen.

Anne seier: "Eg lånte han berre, eg skulle jo levere han tilbake etterpå."

Hadde Anne snakka med Inger på førehand, ville ho sikkert fått låne sykkelen, men når vi "låner" noko utan tillating, er det eit tjuveri.

Som barne- og ungdomsarbeidar vil du sannsynlegvis oppleve situasjonar som liknar på den du las om i dømet over. Det er viktig at du er bevisst på korleis du som fagarbeidar opptrer i slike situasjonar. Du skal hjelpe barna og dei unge til å forstå kva som er rett og gale, og du er eit førebilete for dei.

Ein del skular slit med tjuveri. Det kan vere elevar som stel frå medelevar, eller det kan vere elevar som stel frå dei tilsette eller frå nærbutikken i skuletida.

Det er derfor viktig at du er tydeleg på kva som er rett og gale, og at du kommuniserer med barna og dei unge på ein god måte. Det må til dømes vere forskjell på korleis du kommuniserer i desse to situasjonane:

  • Du ser ein femåring som tek ei leike som høyrer til eit anna barn i barnehagen.
  • Du ser ein fjortenåring som tek noko som høyrer til ein annan elev.

Det er viktig at du følgjer det reglementet som arbeidsplassen har ved slike hendingar. Uansett er det plikta di å gjere noko dersom du observerer eller får tilbakemeldingar om at det skjer tjuveri mellom barna eller mellom dei vaksne på arbeidsplassen din. Er du usikker på kva du skal gjere, bør du prate med sjefen din.

Du bør òg bry deg dersom du ser kriminelle handlingar på fritida. Tenk over om du bør ta kontakt med andre tilsette eller politiet, og ver forsiktig med å gripe aktivt inn i situasjonar.

Utfordringar til deg

  1. Kva er tjuveri?
  2. Kva skal du gjere dersom eit av barna stel i butikken når skuleklassen er på tur?
  3. Korleis kan du lære barn forskjellen på rett og gale?
  4. Du ser ein femåring som tek ein leike som høyrer til eit anna barn i barnehagen. Kva gjer du?
  5. Du ser ein fjortenåring som tek noko som høyrer til ein annan elev. Kva gjer du?
CC BY-SASkrive av Frode Skjervø, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Kriminalitet og rus