Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Unge alkoholikarar

For mange er alkohol vanleg på fest, men for nokon går alkoholinntaket over til å bli eit alvorleg problem. Programleiar Vilde møter unge som drikk i skjul fordi dei har utvikla alkoholavhengnad.

Oppgåver

Sjå dokumentarfilmen og svar på spørsmåla.

  1. Korleis har alkoholvanane til unge menneske endra seg dei siste åra?

  2. Kva kan vere årsaker til at unge menneske utviklar avhengnad av alkohol eller andre rusmiddel?

  3. Korleis kan sosiale nettverk påverke alkoholinntaket?

  4. Kvar går grensa for når alkohol blir eit problem?

  5. Kva faktorar gjer deg meir disponert for å utvikle eit alkoholproblem?

  6. Kva er grunnane til at det er så vanskeleg å komme seg ut av avhengnaden?

  7. Korleis kan du som fagperson eller venn støtte ein som ønsker å bli kvitt avhengnaden av alkohol eller andre rusmiddel?

  8. Gå inn på nettsidene Alkohol og helse frå Helsenorge og Alkohol frå Folkehelseinstituttet. Lag ei oversikt over kva helseproblem høgt alkoholforbruk kan føre til på kortare og lengre sikt.

  9. Bruk internett til å finne ut kva behandlingstilbod for rusmiddelavhengige som finst i helseføretaket ditt. Vel eitt av desse og lag ein presentasjon som blir delt i klassen. Presentasjonen bør innehalde informasjon om

    • kva tenester som blir tilbodne

    • korleis ein person kan få hjelp

    • oppfølging etter fullført behandling

    • kva yrkesgrupper som arbeider der

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2023

Læringsressursar

Kriminalitet og rus