Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Korleis verkar rusmiddel?

Korleis blir ulike rusmiddel framstilte? Kva slags verknad har dei, og kva konsekvensar kan dei føre med seg? I denne oppgåva skal de finne informasjon om ulike rusmiddel og presentere resultata for kvarandre.

Oppgåve 1. Fakta om rusmiddel

Sjå filmen over og svar på spørsmåla:

  1. Kva er verknaden av cannabis?

  2. Kvifor kan bruken av cannabis vere meir skadeleg for ungdom enn for vaksne over 25 år?

  3. Kva er verknaden av alkohol?

  4. Kva er verknaden av GHB?

  5. Kva negative konsekvensar kan bruken av ulike rusmiddel føre med seg? Nemn minst tre konkrete døme.

  6. Kvifor trur de det er viktig at ungdommar tek vare på kvarandre viss dei vel å prøve eit rusmiddel?

Oppgåve 2. Korleis verkar rusmiddel?

I denne oppgåva skal klassen jobbe i grupper eller inviduelt med kvart sitt rusmiddel og presentere det for resten av klassen.

Førebuing

Klassen blir delt i grupper. Kvar gruppe vel, trekker eller får utdelt eit rusmiddel dei skal arbeide med.

Oppgåve

  1. Kva er verknadene av rusmiddelet?

  2. Kva konsekvensar kan bruken av dette rusmiddelet føre til?

  3. Samanlikn det rusmiddelet de har valt med eit anna. Kva er dei viktigaste forskjellane og likskapane?

Tips til oppgåva

For å gjere oppgåva mest mogleg relevant kan det vere lurt å jobbe med dei rusmidla som er mest utbreidde i Noreg.

  • I Noreg er alkohol det klart vanlegaste rusmiddelet.

  • Blant dei ulovlege rusmidla er cannabis mest vanleg, men berre 5 % av befolkninga rapporterer å ha brukt det dei siste 12 månadene.

  • Etter cannabis er kokain, amfetamin og MDMA/ecstasy mest utbreidd, men berre cirka 1 % av befolkninga har brukt nokre av desse rusmidla dei siste 12 månadene.

  • Endå mindre utbreidde er stoff som heroin og LSD.

  • Eit rusmiddel som har blitt vanlegare blant ungdom dei seinare åra, er lystgass. Men vi har endå ikkje ei oversikt over kor mykje dette blir brukt blant ungdom.

Informasjon om rusmiddel

Nedanfor finn de lenker med meir informasjon om dei vanlegaste rusmidla i Noreg.

Alkohol

Rusinfo: Brosjyre om alkohol. (Last ned brosjyren som PDF.)

Rusinfo: Fakta om alkohol

Helsenorge: Dette skjer i kroppen når du drikker alkohol

Store medisinske leksikon: alkohol

Ung.no: Fakta om alkohol

Oslo universitetssykehus: Alkohol

Cannabis
Kokain
MDMA/Ecstasy
Amfetamin
LSD
Heroin

Presentasjon

Gruppene presenterer det dei har komme fram til for resten av klassen. De kan bruke powerpoint eller velje ein meir kreativ måte å presentere resultata på, til dømes gjennom ein podkast.

Oppsummerande diskusjon

Diskuter i plenum:

  • Kva er forskjellane på korleis rusmidla verkar?

  • Kva rusmiddel har dei mest skadelege konsekvensane? Kvifor?

  • Er det mogleg å føreseie kva effektar eit rusmiddel kjem til å ha på deg viss du vel å prøve det? Kvifor? / Kvifor ikkje?

  • Kva kan du sjølv gjere for å førebygge skadelege konsekvensar av rusmiddel?

  • Kva kan de gjere i felleskap for å førebygge skadelege konsekvensar av rusmiddel?

Denne oppgåva er laga i samarbeid med Rusinfo.

Kilder

Rusinfo. (u.å.). Hvordan lage en god oppgave om rus – for lærere? Henta 21. juni 2023 frå https://rusinfo.no/skole_og_fag/hvordan-lage-en-god-oppgave-om-rus-for-laerere-ferdig/

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2023

Læringsressursar

Kriminalitet og rus