Hopp til innhald

Fagstoff

Unge kriminelle

Du som barne- og ungdomsarbeidar har ei viktig rolle når det gjeld å førebyggje kriminalitet. Du vil kome i kontakt med barn og unge og på den måten jobbe med haldningane deira, og då kan du hjelpe dei til å forstå kvifor det er viktig å halde seg innanfor lovverket.
To gutar med mobiltelefon sit på eit rekkverk med ryggen til. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er det som fører til at nokon blir kriminelle?

Menneske i alle aldrar blir av ulike årsaker dregne inn mot kriminelle miljø. Fleire trekkjer fram spenning som éi av årsakene til at dei starta ein kriminell livsveg. At barn gjer ting dei ikkje forstår konsekvensane av, er noko som skjer kvar dag – og det kan vere greitt å hugse. Men at vaksne personar vel å gjere ting dei veit vil få store negative konsekvensar, er kanskje vanskelegare å forstå.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå er det i aldersgruppa 17–28 år ein finn dei fleste som bryt lova. Talet er spesielt høgt for 18–24-åringar, og det er ei stor overvekt av menn. Samtidig er det viktig å hugse på at dei fleste ungdommar ikkje er eller blir kriminelle.

Somme gjer handlingar i rein desperasjon og andre kanskje meir i frustrasjon. Det er uansett viktig at du ikkje dømmer menneske som gjer noko gale. Kanskje er det berre eit ønskje om merksemd som er årsaka til at somme gjer noko dumt. Kanskje kan det vere mangel på rettleiing frå vaksne som er årsaka. Det er derfor viktig at du er i stand til å snakke med barn og ungdom for å hjelpe dei til å takle dei utfordringane som dei møter i kvardagen.

Kvar går grensa? Når er handlinga kriminell? Når kan barnet forstå?

  • Du er fire år og tek ein bamse som ikkje er din.
  • Du er sju år og tek ein sjokolade i butikken.
  • Du er ti år og tek eit teikneserieblad i butikken.
  • Du er femten år og tek klede i butikken.
  • Du er tjueein år og tek pengar i kassa der du jobbar.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan barne- og ungdomsarbeidaren gjere for å hjelpe barn og unge som er på veg inn i eit kriminelt miljø?
  2. Finn ut kva som blir gjort med unge kriminelle i kommunen eller bydelen du bur i.
CC BY-SASkrive av Frode Skjervø, Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Kriminalitet og rus