Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er kriminalitet?

Som barne- og ungdomsarbeidar må du bidra til at barn og unge lærer forskjellen på rett og gale.
Bok med Noregs lover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er rett og gale?

Kriminalitet er brot på lover, og den som bryt lovene, kan risikere straff frå offentlege styresmakter viss ho eller han blir oppdaga.

Det er ikkje lett for små barn å forstå kva som er rett eller gale.

  • Kvifor er det ikkje lov til å skrive på veggen utanfor butikken?
  • Kvifor er det ikkje lov til å bruke vald?
  • Kvifor er det ikkje lov til å ta med seg det ein vil frå butikken?

Alt dette må barn lære. Det er viktig at foreldre og tilsette i barnehagar og skular i fellesskap hjelper barna til å forstå kva som er rett og gale. Her er rolla di som fagarbeidar viktig.

Kvar går grensa mellom kriminalitet og handlingar ein gjer fordi ein ikkje veit at det ein gjer, er gale?

Graffiti og tagging

Teikningar og måleri på vegger som er utførte av ulike kunstnarar, kan berike eit miljø og blir kalla graffiti. Tagging er skriving av bokstavar. Tagging blir rekna som hærverk og er forbode. Kva trur du er forskjellen mellom dei to bileta under?

Flisvegg på ein T-banestasjon eller i ein undergang. Nokon har måla ei kvinne på veggen. Det er også måla fliser i den same fargen som flisene på veggen, og det ser ut som at kvinna kjem ut gjennom flisene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Murvegg der nokon har måla eller tagga ein sint figur som har handa heva, stjerner, ei bølgje og mange bokstavar i ulike fargar og fasongar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kriminell lågalder

I Noreg, som i dei aller fleste andre land i verda, har vi noko som heiter kriminell lågalder. Den kriminelle lågalderen er i Noreg sett til 15 år. Det betyr at personar under 15 år ikkje kan bli straffa for kriminelle handlingar. Det betyr likevel ikkje at dei kan gjere kva dei vil, men at vi har andre moglegheiter for å handtere ungdommar som gjer seg skuldige i kriminelle handlingar.

Les meir om den kriminelle lågalderen på sida Den kriminelle lavalder (ung.no).

Fengsel er ei sanksjonsform. Kva andre sanksjonsformer har vi i Noreg i dag?

Om du går til sida Kriminalitet (ung.no), vil du finne opplysningar om kriminalitet som vil vere til god hjelp når du skal jobbe med dette emnet. Vi tilrår at du bruker god tid på denne sida.

Utfordringar til deg

  1. Kva er kriminalitet?
  2. Kvifor er det viktig å lære barn forskjellen på rett og gale?
  3. Korleis kan barne- og ungdomsarbeidaren bidra til å lære barn forskjellen på rett og gale?
  4. Er du kriminell dersom du køyrer for fort og

    • blir stoppa av politiet
    • ikkje blir oppdaga
    • har barn med deg i bilen, men ikkje blir stoppa
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Gro Nedberg Grønlid og Frode Skjervø.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2021

Læringsressursar

Kriminalitet og rus