Hopp til innhald

Fagstoff

Keramikar

Keramikarfaget er eit av verdas eldste handverk. Du lærer om leire som materiale og keramikk som uttrykksform. Faget skal ta vare på gamle teknikkar og utvikle desse vidare.

Filmen er laga av Birgit Solhaug for Norway Designs (2016) og publisert på NDLA sine nettsider med samtykke frå Anette Krogstad.

Keramikar

Ein keramikar planlegg og gjennomfører heile prosessen frå design til ferdig keramisk produkt. Produkta kan vere krus, koppar, fat, bollar, vasar, krukker og andre bruks- og pyntegjenstandar. Formgiving, dekorering, modellering, dreiing, støyping, glasering og brenning av produkta er ein del av arbeidet.

Utdanning

Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga blir kalla særløp. Keramikarfaget er eitt av særløpa, der du teiknar ei lærekontrakt i bedrift etter vg1.

I læretida skal du utvikle handverksferdigheiter og kompetanse i keramikarfaget. Det blir lagt vekt på skapande arbeid med relevante materialar, reiskapar og teknikkar. Du får jobbe med estetiske problemstillingar og knytte desse til ulike kulturar, tradisjonar og trendar. Korleis kan du utvikle nye produkt og tenester i tråd med behov i samfunnet?

Du skal lære å bli ein profesjonell yrkesutøvar. Korleis vi forvaltar ressursar og tek omsyn til helse, miljø og tryggleik, er ein viktig del av dette. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er keramikar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes og Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 10.12.2019

Læringsressursar

Særløp