Hopp til innhald

Fagstoff

Gjørtlar

Ein gjørtlar lagar eller restaurerer gjenstandar i messing og bronse, men også i andre metall som koppar, nysølv, aluminium og jern. Dei bruker tradisjonelle støypeteknikker i sandformer eller i faste former som kleberstein. Etterpå omarbeider dei produkta.
Gjørtler åpner ei støpeform. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som gjørtlar jobbar du praktisk med materiale og verktøy og får erfaring med ulike støype- og omarbeidingsteknikkar. Støypeprosessen startar ved å lage avtrykk av ein gjenstand i ei støypeform med sand. Metallet blir varma opp til over 1000 grader før det blir fylt i støypeformene. Når metallet er avkjølt, kan du ta den støypte gjenstanden ut av forma. Til slutt sliper du bort overflødig metall.

Gjørtlarar lagar skilt, plakettar, handtak, lysestakar, lysekroner og kunstgjenstandar. Du kan òg støype designprodukt etter eigne teikningar eller modellar. Gjørtlarar kan bidra til nyskaping av interiør-, møbel- og bygningsdetaljar.

Gjørtlerarbeid. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenskapar

Støypte metallrammer med dekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som gjørtlar må du ha handverksferdigheiter, formsans og evne til å sjå samanheng mellom form, funksjon og konstruksjon. Du jobbar gjerne med gjenstandar som har historisk verdi og bør kjenne til kunst- og stilhistorie. I tillegg må du ha kunnskap om metall og legeringar. Det er viktig å både kunne jobbe sjølvstendig og å samarbeide med tilstøytande fagmiljø.

Utdanning

Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga kallast særløp. Gjørtlar er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er gjørtlar.

CC BY-SASkrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen og Inger GIlje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2023

Læringsressursar

Særløp