Hopp til innhald
Fagartikkel

Blyglashandverkar

Vi kjenner blyglasvindauge først og fremst frå kyrkjerommet, men dei kan òg brukast i andre offentlege bygningar og i private bustader. Ein blyglashandverkar restaurerer gamle glasarbeid og framstiller nye dekorative element. Det kan vere glasarbeid i vindauge, dører, fasadar og interiør.
Kent Ivan Hovelsen er blyglasmeister og viser korleis han jobbar med glasmåleri. Video: NRK / CC BY-SA 4.0

Blyglashandverkarfaget handlar om å skjere til glas og innfatte desse i bly- eller messingprofilar. Dette blir gjort ved hjelp av smelta tinn og lodding.

Lærlingane skal gjennom praktisk arbeid med tradisjonelle teknikkar utvikle kunnskap om materiale og stilartar i arkitektur- og kunsthistoria. Faget skal setje dei i stand til å utføre tradisjonelt blyglashandverk for å utsmykke offentlege og private rom.

Eigenskapar

Som blyglashandverkar bør du ha god form- og fargesans, vere kreativ og ha eit godt handlag for å skape nye glasformer og dekorasjonar.

Utdanning

Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga blir kalla særløp. Blyglashandverkarfaget er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er blyglashandverkar.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet. (2021). Læreplan i blyglassmakerfaget (BLY3-01). https://www.udir.no/kl06/bly3-01

CC BY-SA 4.0Skrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen og Inger GIlje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021