Seglmakar
Seglmakaren lagar alle typar segl til båtar. Kvart segl må passe til mål, rigg og utforming av båten. Dei må konstruerast slik at dei får rett styrke og ei form som tek omsyn til rørslene i lufta.
Delane blir skorne til manuelt eller brende ut ved hjelp av datastyrt laser. Etterpå syr, limer eller sveisar seglmakarane delane saman. Dei bruker kraftige industrisymaskiner til dei fleste saumane, mens forsterkningar av kantar og hol gjerne blir sydde for hand.
Seglmakarar kan vere med på å forme ut og designe segl og andre tekstilar til båtar. I dette arbeidet må dei kunne det tradisjonelle handverket og samtidig tenke nytt.
Å kunne segle gir forståing for korleis båt og segl fungerer saman. Som seglmakar treng du teoretisk kunnskap om materiale, matematikk og engelske faguttrykk. Du bør vere flink til praktisk arbeid og ha god form- og fargesans. Arbeidet må utførast nøyaktig.
Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter vg1. Desse faga blir kalla særløp. Seglmakar er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er seglmakar.