Hopp til innhald

Fagstoff

Møbeltapetserar

Møbeltapetserarar jobbar med interiørsaum og stoppar og trekkjer møblar. Dei kan både restaurere og produsere møblar og interiørprodukt. Arbeidet er ofte spesialoppdrag som inneber mykje handarbeid, men også bruk av maskiner. Kundane er medvitne kring gjenbruk og kvalitet.

Møbeltapetserarar byggjer opp underlag, stoppar, skjer til stoff eller skinn og trekkjer møblar. I dette arbeidet er det viktig med riktig bruk av materiale og teknikkar. Oppdraga kan variere frå mindre interiørprodukt til avanserte restaureringsprosjekt.

Møbeltapetserar stoppar ein lenestol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenskapar

Som møbeltapetserar bør du ha god form- og fargesans og kunnskapar om ulike materiale og stilartar. Fleksibilitet og nøyaktigheit er viktige eigenskapar.

Klipping av møbelstoff. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utdanning

Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga kallast særløp. Møbeltapetserar er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er møbeltapetserar.

Ein grå stol, eit teak-bord, ei kvit stålampe og ein gul sofa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2023

Læringsressursar

Særløp