Hopp til innhald

Fagstoff

Reipslagar

Reipslagar er ein handverkar som lagar tau, trosser og kablar, ein som slår reip. Å slå betyr i denne samanhengen å tvinne. Du lærer å lage tau med ulike materiale, alt frå historiske materiale som bast frå vikingtida, hår, hud og hamp frå mellomalderen til dagens syntetiske materiale.

Reipslagaren kan utføre arbeid med løpande og ståande rigg til båtar og fartøy. Kundane er båt- og fartøyeigarar, privatpersonar, museum med fleire.

Reipslaging skjer på ein reiparbane. Den einaste reiparbanen som er i drift i Noreg, er ein del av Fartøyvernsenteret i Norheimsund.

Teknikk

Reipslagaren spinn fibrar til garn ved å gå baklengs bort frå eit roterande drev. Heile tida blir garnet som er spunne med nye fibrar, fôra. Garnet blir heile tida halde stramt med ei hand og reipslagaren må passe på at det blir snodd jamt. Eit varierande tal på garn blir tvinna saman til ein kordel. Det er talet på garn i kordelen som bestemmer dimensjonen på det ferdige tauet. Tre eller fire kordelar blir så slegne saman til eit tau. Tauverk blir impregnert for å få lengre levetid.

Eti reip i to kveilar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utdanning

Fleire fag innan design og tradisjonshandverk har ikkje eit skuletilbod, men opplæring i bedrift etter Vg1. Desse faga kallast særløp. Reipslagarfaget er eitt av særløpa, der du går tre år i lære etter Vg1 handverk, design og produktutvikling. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er reipslagar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 27.07.2021

Læringsressursar

Særløp