Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sjangerblanding

Svar på oppsummeringsspørsmål til teksten "Sjangerblanding" og vurder to plakatar.
Reklameplakatar for faga Matte og Biologi. Foto.

Oppgåve 1

Kva hugsar du frå fagteksten om sjangerblanding?

  1. Kvifor treng vi sjangerkunnskap?
  2. Forklar omgrepet blandingssjanger (hybrid).
  3. Kva må til for at ei blanding skal verte ein eigen sjanger?
  4. Kva er eit dokudrama? Forklar.
  5. Kva er forskjellen mellom sjangerblanding og sjangerbrott?

Oppgåve 2

Sjå nærare på dei to reklameplakatane ovanfor og løys oppgåva.

  1. Kva er salsbodskapen i desse to plakatane?
  2. Kva for sjangrar låner plakatane trekk frå? Gi døme på slike lånte trekk.
  3. Beskriv skrifttypane i dei to plakat-titlane. Korleis passar dei til bileta?
  4. Kva slags inntrykk av faga matematikk og biologi skaper bileta og skrifttypane?
  5. Kva vil sendaren oppnå med denne sjangerblandinga?
  6. Synest du sendaren har oppnådd det han ville?

Oppgåve 3


Kva dømer på sjangerblanding kjenner du til? Diskuter gjerne med ein medelev.

  • Kva sjangrar er blanda?
  • Kva effekt har sjangerblandinga på mottakaren?

Relatert innhald

Sjangerreglar er nyttige, men dei er ikkje ufråvikelege. Les om sjangerreglar og sjangerblanding.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020

Læringsressursar

Litt om sjanger