Hopp til innhald

Fagstoff

Kven er "eg" i teksten?

Saktekstar kan vere svært personlege, og eg-et i ein saktekst er alltid ein reell person, nemleg den som har skrive teksten. I skjønnlitterære tekstar, derimot, er eg-et i teksten oftast ein oppdikta person.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg og upersonleg uttrykksmåte

Nokre sjangrar inviterer oss til å vere personlege, som til dømes bursdagshelsingar, temareportasjar og kåseri, medan andre krev ein meir sakleg og upersonleg tone, som artikkelsjangeren og referatet. Det er sjangeren som avgjer kva slags tone forfattaren kan bruke, og kor synleg han eller ho kan vere i teksten. Vi kan seie det slik at sjangeren tilbyr den som skal skrive eller tale, bestemde skrivarroller eller uttrykksmåtar.

"Eg" i saktekstar og i fiksjonstekstar

Når nokon skriv "eg" i ein saktekst, veit vi at det er skrivaren sjølv som uttaler seg. Slik er det ikkje i fiksjonstekstar. Ein skjønnlitterær forfattar skaper ei fiktiv, tenkt verd som han eller ho ikkje er ein del av. Dukkar det opp eit "eg" i ein fiksjonstekst, veit vi at dette eg-et til vanleg ikkje er identisk med forfattaren, men at det er ein av karakterane i teksten som snakkar. Når vi skriv fiksjon, gøymer vi oss bak den fantasiverda vi skaper. På denne måten får vi stor fridom til å utforske eit emne på ulike måtar.

Det sjølvbiografiske eg-et i fiksjonstekstar

Romanar kan òg vere sjølvbiografiske, det vil seie at dei byggjer på hendingar i livet til forfattaren, men så lenge teksten er omtalt som ein roman, må vi likevel akseptere at eg-et ikkje er det same som forfattaren sitt "eg". Det er framleis ein fiktiv karakter.

Kva når romanen ligg tett opp til røynda?

Det kan vere vanskeleg å akseptere at eg-et ikkje er den same som forfattaren. Det såg vi eit døme på i diskusjonen som oppstod om Vigdis Hjorts roman Arv og miljø. Der liknar eg-personen si historie mykje på forfattaren si. Dermed følte slektningar av Hjort at dei blei utleverte, medan Hjort sjølv insisterte på at dette var fiksjon og måtte behandlast som dette.


Diskuter: Korleis hadde du reagert om nokon skreiv ein roman der du var omtalt slik at alle forstod at det var deg?

Kva med eg-et i ein sjølvbiografi?

Ved å kalle ei bok for ein sjølvbiografi, gir forfattaren klarsignal til at lesaren skal tolke det som at det er hans eller hennar "eg" du møter i teksten, men nyare teoriar om biografi som sjanger problematiserer dette.

Ein biografi som tekst kan aldri heilt spegle alt eit menneske er. Forfattaren vel kva sider av seg sjølv hen skal vise fram, og korleis hen vil framstå for lesaren. Hendingar i livet til forfattaren blir òg strukturerte som forteljingar, etter prinsipp frå skjønnlitteraturen. Eg-et i biografien kan dermed òg forståast som eit konstruert "eg" (Walton, 2008).

Kjelde

Walton, S. J. (2008). Skaff deg et liv! Oslo: Samlaget.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Eli Glomnes og Caroline N. Baker.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Litt om sjanger