Hopp til innhald

Fagstoff

Frå postkort til Instagram

Sjangrar endrar og utviklar seg heile tida, mellom anna fordi ny teknologi og nye medium gir oss nye moglegheiter.
Telegram med motiv av blomar og Telegrafverket sin logo. Foto.

Sjangrar endrar seg

Ingen sjangrar er ferdig utforma ein gong for alle. For femti år sidan var det til dømes vanleg å sende telegramhelsingar når nokon gifta seg. Telegrafen formidla viktige beskjedar, og telegram vart leverte på døra.

Denne tradisjonen finst ikkje meir. Også postkort er i ferd med å verte erstatta av multimediemeldingar på telefonen, snap-ar og Instagram-meldingar, og e-posten har i stor grad teke over for det handskrivne brevet. Men sjølve sjangrane gratulasjon, feriehelsing og personleg brev har ikkje vorte borte. Vi bruker berre nye medium for å sende dei, og vi vel ein uttrykksmåte som passar til desse media.

Frå papir til nett

Lesarbrevet er eit anna godt døme på ein sjanger i endring. Denne sjangernemninga er i ferd med å verte borte, ikkje fordi vi har slutta å sende inn lesarbrev, tvert om. Vi kan faktisk delta på fleire arenaer for dette enn tidlegare. Bortimot alle papiraviser har no òg nettstader der lesarane er aktive skrivarar. Debattinnlegg og debattartikkel har teke over som nemningar for lesarinnlegg, og dette namneskiftet speglar at lesarane no har fått ei langt meir aktiv skrivarrolle enn før.

Nye medium inviterer til deltaking

Vi har òg fått ein kultur der nesten alle medium inviterer til deltaking: innringjarprogram på radio der publikum kan stille spørsmål, vinne premiar eller komme med musikkønske, tv-debattar og sportssendingar der Twitter- eller SMS-kommentarar frå sjåarane vert viste på skjermen, nettprat med journalistar som følgjer nyhendedøgnet, bloggar og nettaviser med kommentarfelt der lesarane kan komme til orde og oppslagsverk av typen Wikipedia som heile tida vert videreutvikla av kompetente brukarar.

Nye medium tek over fleire oppgåver

I tillegg ser vi at nye medium ofte kan brukast til meir enn det ein opphavleg hadde tenkt. SMS til dømes vart i fleire år berre brukt til private meldingar. No har nye sjangrar vorte vanlege i denne tenesta: Vi kan sende sjølvmeldinga og møteinnkallingar, vi får melding om postpakke og time hos legen, og vi kan delta i innsamlingsaksjonar og avstemmingar på SMS.

Facebook var i førstninga berre ein nettstad der folk kunne ha meir kontakt med venner og kjende. No har Facebook òg vorte til ein nyhetskanal der både store mediehus og privatpersonar legg ut og deler nyhende. I tillegg har mange bedrifter og organisasjonar byrja å bruke Facebook som ein informasjons- og marknadsføringskanal. Det same skjer med andre sosiale medium som Instagram og Snapchat.

Ny teknologi gir nye moglegheiter

Ny teknologi er ei viktig årsak til at vi utviklar nye kommunikasjonsformer. Vi ser at nokre sjangrar går ut av bruk, medan nye kjem til. Dei nye sjangrane kjem i første omgang i tillegg til dei vi har frå før. Så viser det seg etter kvart kva vi treng mest, kva som fungerer best, og kva som går ut av bruk.

Diskuter med ein medelev og lag ei liste: Kva for nye sjangrar og medium er ikke nemnde i denne artikkelen?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Eli Glomnes.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2018

Læringsressursar

Litt om sjanger