Hopp til innhald
Øving

Sakprosa eller skjønnlitteratur?

Her skal du undersøkje skiljet mellom sakprosa og skjønnlitteratur. Det er nemleg ikkje alltid like lett å setje ei skarp grense mellom dei to sjangrane.

Oppgåve 1. Kva kan du frå før?

  1. Kva har alle saktekstar felles?
  2. Forklar forskjellen mellom omgrepa saktekst og sakprosa.
  3. Nemn viktige kjenneteikn på a) funksjonell sakprosa og b) litterær sakprosa. Gi òg døme på sjangrar som høyrer inn under kvar av hovudtypane.
  4. Kva er dei viktigaste forskjellane mellom sakprosa og skjønnlitteratur?

Oppgåve 2. Eit problematisk forhold til røynda

Ifølgje definisjonen handlar sakprosabøker om røynda, medan skjønnlitteratur er bøker med oppdikta innhald. Dette er eit viktig skilje, for når vi les bøker med sjangernemninga "sakprosa" eller "biografi", reknar vi med at det som står der, er sant.

Del 1

I 2002 gav den norske forfattaren Åsne Seierstad ut boka Bokhandleren i Kabul. Denne boka førte til ei rettssak. Årsaka var nettopp strid om innhaldet i boka gav seg ut for å vere fiksjon eller sant.

Bruk internett, og finn ut:

  1. Kvifor førte boka til ei rettssak? Kven gjekk til sak mot kven, og på kva grunnlag?
  2. Kva sjanger har boka? Her vil du finne mange ulike versjonar avhengig av kva kjelde du oppsøkjer. Sjekk både kva for undertittel forfattaren sjølv har gitt boka, kva for sjanger forlaget har sett på boka og sjangernemninga på Wikipedia.
  3. Diskuter i grupper: Ut frå det de har lese om boka, vil de seie at Bokhandleren i Kabul er sakprosa eller skjønnlitteratur?

Del 2

På ettårsmarkeringa for terroraksjonen i Oslo og på Utøya 22. juli 2011 las Åsne Seierstad opp teksten "Rettssal 250".

Lytt til og les teksten "Rettssal 250" på nettsidene til NRK.

Jobb først aleine:

  1. Kva vil du seie er temaet eller bodskapen i denne teksten?
  2. Kva verkemiddel bruker Seierstad for å framstille Anders Behring Breiviks grufulle handlingar og brutalitet?
  3. Kva verkemiddel bruker ho for å framstille både motet til offera og den sorga som er der over at desse menneska ikkje finst lenger?

Diskuter svara dykkar til oppgåvene over i grupper. Svar deretter på dette spørsmålet:

  • "Rettssal 250" har nemninga "tekst". Kva sjanger vil de seie at denne teksten er? Grunngi svaret dykkar. Bruk gjerne fagartikkelen "Fire sjekkpunkt for sjanger".

Relatert innhald

Fagstoff
Saktekstar

Tekstane vi ikkje kan klare oss utan!