Øving
Fire sjekkpunkt for sjanger
Repeter innhaldet i fagteksten "Fire sjekkpunkt for sjanger".
- Kva fire kriterium eller sjekkpunkt er det lurt å bruke når vi skal gi presis sjangerinformasjon om ein tekst?
- Sakprosa og skjønnlitteratur har ofte noko ulike formål. Forklar, og gi døme.
Sakprosa eller skjønnlitteratur?
- Gå gjennom sjangerlista nedanfor, og sorter tekstane i to grupper, saktekstar og fiksjonstekstar: roman, føredrag, referat, revy, reklame, novelle, komedie, rapport, leiarartikkel, salme, intervju, høyrespel, dikt, eventyr, tragedie, reportasje, vise, dagbok, vits, fabel, vandrehistorie, vêrmelding, lærebok, musikal, valbrosjyre, essay, blogg, appell
- Lag så forklaringar på éi setning om kva som er typisk for kvar av sjangrane.
Diskuter i par:
Er det viktig for lesaren å vite om ein tekst er fiksjonstekst eller saktekst? Kom med minst tre argument for svaret de kjem fram til.
Vurder ein tekst ut frå fleire sjangerkriterium.
Ovanfor ser du eit utdrag frå ei bok av illustratøren og teikneserieskaparen Steffen Kverneland. Boka handlar om den store norske målaren Edvard Munch.
Prøv å beskrive sjangeren med utgangspunkt i desse fire sjangerkriteria:
- forholdet teksten har til røyndomen
- sjangernamnet som forfattar/teiknar/forlag har sett på teksten
- formålet med teksten
- forma som forfattaren/teiknaren har valt
Du finn informasjon om verket på internett ved å søkje på "Steffen Kverneland" og "Munch".
Relatert innhald
Fagstoff
Fire sjekkpunkt for sjangerLær deg fire kjennemerke vi kan bruke for å beskrive tekstar og sjangrar meir systematisk.