Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein sjanger?

Repeter kva sjanger er for noko, og korleis vi bruker sjangernemningar.
Bokhyller i bokhandel, og skilt som viser vei til biografier, dokumentarlitteratur og skjønnlitteratur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein sjanger?

Ordet sjanger tyder slekt, type, kategori, klasse eller art. Vi bruker omgrepet når vi kategoriserer skriftlege og munnlege tekstar, filmar, bilete, musikk og så vidare. Her er nokre døme:

  • Filmsjangrar
    actionfilm, science fiction-film, dokumentarfilm

  • Musikksjangrar
    pop, rock, folkemusikk, symfoni

  • Munnlege sjangrar
    konfirmasjonstale, intervju, salme, bønn, vits

Kor mange sjangrar finst det?

Dette spørsmålet er det faktisk umogleg å svare på. Når vi skal beskrive ein tekst og plassere han i ein bestemt sjanger, kan vi velje mellom fleire kjennemerke eller kriterium. Vi kan til dømes klassifisere tekstar etter:

  • innhaldet
    bilreportasje, kjærleikshistorie

  • forma
    formelt brev, limerick, samtale

  • formålet
    invitasjon, takkebrev, lærebok

  • sendaren
    ekspertutsegn, lesarinnlegg, elevtekst

  • mottakaren
    barnebok, ungdomsfilm

  • mediet
    radioteater, telefonsamtale, tv-debatt

  • situasjonen
    konfirmasjonstale, jobbintervju

Éin tekst - fleire moglege merkelappar

Kvar einaste tekst kan vi beskrive på ulike måtar. Boka Mannen som elsket Yngve av Tore Renberg kan vi til dømes kalle ein ungdomsroman, men òg ein oppvekstroman. Den første nemninga viser til målgruppa, den andre legg vekt på innhaldet. Nemninga vi vel viser til den eigenskapen ved teksten som vi vil framheve.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Eli Glomnes.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2018

Læringsressursar

Litt om sjanger