Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kven er "eg" i teksten?

To gullhorn med runeskrift og dekorasjoner
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Biletet ovanfor viser dei såkalla Gallehus-horna, som er to gullhorn frå 400-talet e.Kr. På det eine hornet står runeinskripsjonen "ek hlewagastiR holtijaR horna tawido".

  1. Finn ut meir om Gallehus-horna: Kva tyder inskripsjonen?
  2. Er dette ein saktekst eller ein fiksjonstekst?
  3. Er "ek" (eg) ein reell eller fiktiv person?

Oppgåve 2

Diktet "Jeg tror –" av Inger Hagerup byrjar med denne strofa:

Jeg tror på mange ting. På Blod. På ild.

Jeg tror på stier hvor en kan gå vill.

Jeg tror på drømmer som en hører til.
(Hagerup, 1945)

Kven snakkar her? Er det diktaren, eller er det ein oppdikta eg-person? Prøv å grunngi svaret ditt.

Oppgave 3. Ikkje alltid eit "eg"

Under ser du den fyrste strofa i "Ja, vi elsker", nasjonalsangen vår. Diskuter i grupper:

  1. Går det an å seie at det er noko "eg" i denne teksten?
  2. Kven er desse "vi" som Bjørnstjerne Bjørnson skriv om?
  3. Kvifor trur de Bjørnson har brukt "vi" her og ikkje "jeg"?

Ja, vi elsker dette landet
som det stiger frem
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Elsker, elsker det
og tenker på vår far og mor,
og den saganatt som senker
drømmer på vår jord.
(Bjørnson, 1859

Relatert innhald

Les om personleg og upersonleg skrivemåte og om bruken av eg-form i saktekstar og skjønnlitteratur.

Kva er stemma og det lyriske eg-et i eit dikt? Her finn du tre dikt der stemma er særs viktig.

Kjelder

Bjørnson, Bjørnstjerne. (1859). Ja, vi elsker.

Hagerup, Inger. (1945). Videre. Oslo: H. Aschehoug & Co

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2020

Læringsressursar

Litt om sjanger