Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"En eneste"

No skal de lese og lytte til ein tekst som kan vere vanskeleg å forstå. Det som er viktig når du møter tekstar som er vanskelege, er å ikkje gi opp. Søk gjerne hjelp hos andre!
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. På jakt aleine

  1. Les songteksten «En eneste» av Lars Vaular utan lyd eller musikkvideo. Teksten finn du under «Relatert innhald» nedst på sida.

    Kva meiner du teksten handlar om?

    Ranger forståinga di av teksten på ein skala frå 1–10, der 1 betyr at du ikkje forstår noko og 10 betyr at du forstår han fullt og heilt.

  2. Set i gang musikkvideoen, men ikkje sjå på han! Skroll i staden ned til teksten og følg med på denne medan du høyrer på musikken. Etter å ha høyrt ferdig svarar du på dette:
  • Har du forandra meining om kva teksten handlar om?
  • Kva tal vil du no setje på forståinga di av teksten?

Del 2. På jakt saman

Gå saman i grupper og diskuter:

  1. Korleis har de tolka teksten? Er de nære kvarandre i forståing, eller har de heilt ulike tolkingar?
  2. Kva forventar de av ein musikkvideo til denne songen? Kva trur de han kjem til å handle om? Korleis vil han vere bygd opp? Grunngi.
  3. Sjå musikkvideoen som høyrer til songen. Diskuter:

    Levde denne opp til forventningane de hadde?

    Tolkar de teksten annleis no som de har sett videoen?

    Trudde de at de hadde knekt koden no? I eit intervju med Bergensavisen seier Lars Vaular om musikkvideoen:

Jeg ville ha en video som ikke handlet om teksten, men som samtidig skildret stemningen i melodien. Det er en sommerdag i livet til to 16 år gamle jenter – for noen kanskje en helt vanlig sommerdag (Bergensavisen, 2010).

Diskuter i gruppene: "Videoen handlar ikkje om teksten", ifølgje Lars Vaular. Endrar det tolkinga dykkar?

Del 3. På jakt med resten av klassen

Diskuter i klassen: Klarer de å kome fram til ei felles tolking av teksten? Skriv ned tolkinga på tavla. Om nokon har ei tolking som skil seg frå fellesskapen, bør de skrive ned denne òg.

Del 4. Refleksjon

Oppsummer det de har gjort i denne timen skriftleg:

  1. Gav du opp då du jobba aleine?
  2. Forandra forståinga di av teksten seg då du diskuterte han med andre?
  3. Korleis vil du rangere forståinga di av teksten no?
  4. Kan du lære noko av å jobbe med vanskelege tekstar?

Relatert innhald

Songteksten En eneste av Lars Vaular.

Kjelder

Opheim, S. (2010, 2. september). - "Videoen koster ikke "en eneste" krone. Bergensavisen. Henta frå ba.no.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2019

Læringsressursar

Lyrisk dikting