Hopp til innhald

Fagstoff

Rim og rytme

Rytmar og klangar er noko språket har til felles med musikken. Rim og rytme er sjølvskrivne verkemiddel i alle former for populærmusikk. Dessutan har mange forfattarar gjennom tidene skrive dikt med rim og fast rytme.
To artister står på en scene og synger, dansere og musikere i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er rim?

Rim er, enkelt forklart, lik klang eller lyd i to eller fleire ord. Når rimorda sluttar likt, har vi å gjere med stavingsrim. Rimorda kan ha heilt lik klang frå siste trykksterke vokal, såkalla heilrim eller fullrim:

  • nå − gå
  • kime − rime
  • smektande − fektande

Rimet kan også vere litt meir omtrentleg, til dømes slik at berre konsonantane eller berre vokalane rimar. Då snakkar vi om halvrim eller assonans. Halvrim er mellom anna mykje brukt i folkeviser.

  • år − sjå
  • reip − sleit
  • frisk − besk

Når rimorda avsluttar verselinjene i eit dikt, seier vi at diktet har enderim.

Allitterasjon

Det finst også ein type rim der rimorda begynner likt. Faguttrykket for denne typen rim er allitterasjon. Rimorda må her følgje ganske raskt etter kvarandre, og dei må ha trykk.

  • frekk og freidig
  • Nissen satt en natt og frøs, slik at nissens nese nøs.
    (André Bjerke)

Både reklamefolk og journalistar liker å leike seg med denne typen rim, i likskap med diktarar – og alle oss andre. Det finst mange faste uttrykk i språket som utnyttar allitterasjon:

  • Skipet gjekk ned med mann og mus.
  • I hui og hast blei han køyrd til sjukehuset.
  • Dei måtte spinke og spare for å få råd til ferie.

Kva er rytme?

Når vi snakkar om fast rytme i ein tekst, tenkjer vi eigentleg på ei regelbunden veksling mellom tunge og lette stavingar. Mange dikt har eit slikt fast grunnmønster, til dømes "Fattern elska rødvin" av Arild Nyquist. I dette diktet er annakvar staving tung og lett.

Fattern elska Mozart
og muttern Rolling Stones
fattern elska plukkfisk
og muttern vannmelon.

(Nyquist, 1984)

I musikken kallar vi dette regelbundne grunnmønsteret for takten. Alle stemmene i eit musikkstykke må halde seg til han. Men der takten er heilt regelmessig, har melodien korte og lange, høge og låge, viktige og mindre viktige tonar. Han følgjer ikkje grunnmønsteret heilt slavisk.

Det gjer vi heller ikkje når vi les eit dikt: Vi framhevar enkelte ord og set pausar slik at teksten får sin eigen rytme. Motsetnaden mellom den faste takten og tekstrytmen skaper ei spenning som skjerpar merksemda til dei som høyrer på.

Rim og rytme gjer oss glade

Rim og rytme er verkemiddel som vi er bevisste på, og som vi leikar med allereie frå vi er barn. Det gir oss ei heilt eiga glede å høyre og bruke rytmar og rimord. I barnevers til dømes er rim og rytme ofte viktigare enn at alle orda gir meining.

Men det er ikkje berre i dikt og songar vi finn rytme. Også sakprosaforfattarar er ofte svært bevisste på rytmen i teksten, noko dette korte utdraget frå boka Om kunsten å lese og skrive av Olof Lagercrantz viser:

Kva skjer når vi les? Auget følgjer svarte bokstavar på det kvite papiret frå venstre mot høgre, om att og om att. Og skapningar, natur eller tankar som andre har tenkt, nyleg eller for tusen år sidan, stig fram i vår fantasi. Det er eit større under enn at ein har fått eit såkorn frå gravkammeret til ein farao til å spire. Og likevel skjer det kvar einaste augeblink. (Lagercrantz, 2000).

Rim og rytme er hugsehjelp

Rim og rytme fungerer òg som hugsehjelp for ein som skal lære ein tekst utanåt. Versemønstret er eit "skal" som gjer det lettare å gjette kva for ord som kan passe inn i eit vers. På den tida då tekstar stort sett blei formidla munnleg, var det særleg viktig å utnytte rim og rytme. Slik blei tekstane lettare å vidareføre til andre.

Rim og rytme kan understreke meininga

Rim og rytme kan understreke meininga i teksten. Eit godt døme på dette er dei humoristiske gravskriftene til diktaren Johan Herman Wessel (1742–1785). Her bidrar rimet sterkt til at vi trekkjer på smilebandet:

Her ligger løytnant Stabel,
O ve, hel miserabel
I veiret med sin snabel,
Og er ei nu kapabel
At bruge mer sin sabel,
Som var ham mest aimabel
Næst brændevin og fabel.

(Wessel, 1862)

Også rytmen kan skape stemning og forsterke innhaldet. I diktet "Regn" av Sigbjørn Obstfelder minner rytmen om lyden av regndropar som fell:

En er en og to er to −
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, sakk,
vi drypper på tak,
tikk, takk,
det regner i dag.

(Obstfelder, 1893)

Rim og rytme skaper samanheng

Rim og rytme skaper ein samanheng i teksten ved at klangar og taktar blir gjentekne. Denne musikalske samanhengen kjem i tillegg til samanhengen i sjølve teksten.

Når eit dikt er delt opp i strofer, ventar vi dessutan at rim- og rytmemønstret frå den første strofa skal gjentakast i alle dei neste strofene, samtidig som innhaldet i kvar strofe til ein viss grad skal utgjere ei eining.

Kjelder

Lagercrantz, O (2000). Om kunsten å lese og skrive. Oslo: Bokvennen.

Nyquist, A. (1984). "Fattern elska rødvin" fra Mr. Balubers trompet. Oslo: Aschehoug.

Obstfelder, S. (1983). "Regn" fra Digte. Oslo: John Griegs forlag.

Wessel J.H. (1862). Johan Herman Wessels samlede Digte, utg. ved I. S. Levin, København 1862.

Relatert innhald

Oppgåver om dei språklege verkemidla rim og rytme.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Lyrisk dikting