Øvelse
Rim og rytme
- I NRK sine BlimE-videoar er rim og rytme sentralt for å få fram bodskapen. Klarer du å fortelje med eigne ord korleis rim og rytme blir brukt?
- Kva funksjon har rim og rytme i både tekst, dans og melodi?
- Teksten til songen har både enderim, innrim og bokstavrim. Klarer du finne døme på alle tre? Kva funksjon har rima i songen?
- Rim og rytme er verkemiddel som speler på kjenslene til mottakarene. Kva for kjensler vil du seie blir vekte av videoen?
Les diktet "Hus og have" av Ina Schmidt, eller lytt til teksten.
- Sjå på rimmønsteret i diktet. Er det regelbunde, eller varierer det?
- Finn nokre døme på alliterasjon (bokstavrim).
- Samanfatt med eigne ord kva diktet handlar om. Kva slags haldningar er det eg-personen gir uttrykk for?
Kva for rolle speler rim og rytme for korleis du les eit dikt høgt?
Diktet "Sprinterne" av Nordahl Grieg handlar om sommar-OL i 1936 i Berlin. Adolf Hitler arrangerte leikane og ville vise at den ariske rasen var overlegen. Men på 100-meteren knuste afro-amerikanaren Jesse Owens all motstand.
Sprinterne
Niggeren Owens sprinter,
germanerne stuper sprengt.
Det blonde stadion undres,
og Føreren mørkner strengt.
Men tenk da med trøst på alle
jødiske kvinner og menn
som sprang for livet i gaten
– dem nådde dere igjen!(Grieg, 1946)
- Les diktet "Sprinterne" av Nordahl Grieg høgt for ein annan i klassen. Prøv først å lese det "ubevisst" – altså utan tanke på kva ord som bør ha trykk.
- Strek under rima i diktet. Legg merke til at det er både ende- og bokstavrim.
- Diskuter i par: Kva er bodskapen i diktet, og korleis vil de lese det høgt for å få fram bodskapen?
- Les diktet høgt saman. Overdriv gjerne rytmen og trykk på orda.
- Oppsummer: Kva funksjon har rim og rytme i diktet?
Kjelde
Grieg, N (1946). "Sprinterne" frå Håbet. Oslo: Gyldendal.