Eit dikt om ein viktig person - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Eit dikt om ein viktig person

Ja, kven er det som ingen ser? Klarer de å finne ut av det ved å utforske nokre sentrale bilete frå diktet?

Del 1. Førlesing

De skal lese eit dikt som heiter "Hvem er det som ingen ser?". Diktet er bygd opp av ei rekkje ulike språklege bilete. No skal de få sjå nokre sentrale bilete frå diktet.

  1. Diskuter saman: Kven trur de dette diktet handlar om? Grunngi ved å bruke sitata frå diktet.
  2. Kva trur de diktet handlar om? Diskuter i grupper og grunngi svara dykkar. Skriv opp svara til kvar gruppe på tavla.

Del 2. Tekstforståing

  1. Diktet ligg som relatert artikkel nedst. Få ein i klassen til å lese diktet høgt. Sjå på det de har skrive på tavla: Etter å ha høyrt diktet ein gong, synest de at de har klart å tippe riktig på kva det handla om?
  2. Ein annan i klassen les diktet høgt ein gong til. Vil de skrive nokre fleire stikkord på tavla no? Hugs at jo fleire gonger du les eit dikt, dess betre forstår du det.
  3. Diskuter: Korleis blir morsrolla framstilt i diktet? Meiner de framstillinga er positiv, negativ eller nøytral? Grunngi svaret dykkar ved å vise til minst to sitat.

Del 3. Nærlesing

  1. Les dei to første strofene. Her er det mange språklege bilete. Skriv ned alle du finn og prøv å setje riktig namn på dei. (Er dei samanlikningar, metaforar, besjelingar eller personifikasjonar?)
  2. Diskuter bileta de har plukka ut i grupper. Kvifor trur de Dahle skriv at det er som om mora er "støpt inn i kjøkkenbenken", "korsfesta til tøyet" og "bærer huset på hodet"? Legg særleg merke til verba i dei språklege bileta.
  3. Ein sentral metafor i diktet skal vise kva innverknad ei mor har på barna sine. Kva for ein?

Del 4. Ordval og konnotasjonar

Sjå på dei fire strofene frå dikta under. Det er to strofer frå første del av diktet og to frå avslutninga.

No skal du leggje merke til kva rolle ordvalet har i eit dikt. Ein diktar har ofte få ord å boltre seg med, derfor vel hen ofte ord som har visse konnotasjonar til seg. Det vil seie at vi forbind visse eigenskapar og kjensler med dei.

  1. Les dei to første strofene og legg merke til dei utheva orda, som du også finn i boksen under diktet. Kva konnotasjonar vekkjer dei? Kvifor trur du Dahle har valt akkurat desse orda?
  2. Gjer det same med dei to siste strofene.
  3. Samanlikn ordvalet i starten og slutten av diktet. Korleis får orda og konnotasjonane deira fram ei utvikling av motivet?
  4. Kva betyding har det for korleis du oppfattar temaet i diktet at konnotasjonane til orda mot slutten av diktet er så ulike dei i starten?

Dei to første strofene

Det er moren det
som går i ett med skålene
grytene, glassene
Støpt inn i kjøkkenbenken
og korsfestet til tøyet

Slik bærer hun huset på ryggen
søppelkassen på hodet
Fiskeskinn, kjøttrester
og kladdene etter en havregrøt
Slik bærer hun dagen fram
måltid for måltid

Dei to siste strofene

En bærer, en baker
En dronning over tarmer og mage
En hersker i brystet
Hun krones av smuler
i rommet som puster
Hun hedres i salt

For så å lirke oss inn i natten
med varme, tørre melishender
Takkens oblater på tungen
når hun bøyer oss inn i søvnen
Inn gjennom flanellens nåde
Hvilens velsignelse i kinnenes kirke
Et alter i mørket

(Feit skrift er vår utheving)

Tekst: Gro Dahle / Avgrensa bruksrett
Orda som er utheva i diktet

Dei to første strofene:

  • skålene

  • grytene

  • glassene

  • kjøkkenbenken

  • tøyet

  • søppelkassen

  • fiskeskinn

  • kjøttrester

  • havregrøt

Dei to siste strofene:

  • dronning

  • hersker

  • krones

  • hedres

  • oblater

  • nåde

  • velsignelse

  • kirke

  • alter

Del 5. Diskuter kontekst

Diskuter i klassen: Mener dere dette diktet framstiller dagens morsrolle på en aktuell måte?

Kjelde

Dahle, G (1994) "Hvem er det som ingen ser?" fra Regnværsgåter. Oslo: Cappelen Damm.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020