To dikt om personlege grenser
No skal du utforske to dikt som har tematiske likskapar. Dikta finn du som relatert artikkel nedst.
Det eine diktet er eitt av dei mest kjende dikta våre: "Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas. Det er eit strofisk dikt som blei skrive på 1950-talet.
Det andre diktet er moderne og leikent i forma. Diktet heiter "Hvilket rom har plass til bare en?" og blei skrive av Gro Dahle.
Poesi høyrer til den munnlege tradisjonen vår. Derfor bør vi lese dikt høgt! Men ikkje på kva måte som helst. Det skal vi sjå på no.
Sit i grupper på fire.
- Les først diktet inni dykk. Alle skriv ned kvar si setning som dei synest beskriv stemninga i diktet.
- Ein på gruppa les diktet for dei andre på gruppa: Korleis vil de lese det for å få fram stemninga i diktet?
- Under høyrer du to ulike opplesingar av diktet. Høyr på forfattaren si opplesing først, deretter Gisken Armand si lesing. Endrar de oppfatninga dykkar av korleis stemninga er i diktet etter å ha høyrt opplesinga?
- Diskuter i grupper: Kva meiner de diktet handlar om? Kva er temaet i diktet?
Ord over grind lese av Halldis Moren Vesaas.
Ord over grind lese av Gisken Armand.
- No skal de lese diktet "Hvilket rom har plass til bare en?". Det finst ingen opplesingar av diktet på Internett, derfor må de klare det sjølv. Gå saman i grupper og øv på å lese diktet høgt. Hugs å diskutere kvifor de skal lese det som de gjer undervegs. For måten de les diktet høgt på er, som vi har erfart, viktig for å vise korleis vi tolkar diktet.
- Alle gruppene les diktet høgt for klassen. Diskuter opplesingane: Hadde de ulike måtar å lese det på?
No skal du setje deg ned for å sjå på dei to dikta utan å snakke med andre. Ha dikta framfor deg og skriv fritt:
- Kva likskapar kan du finne mellom dei to dikta? Legg vekt på stemning, tone og tematikk.
- Kva forskjellar ser du?
Oppsummer det de har skrive klassevis. Del tavla i to og skriv likskapar til venstre og forskjellar til høgre.
Somme dikt bruker ein sentral metafor som byggjestein for heile diktet. Dette kan vi kalle kjernen til diktet. Både Halldis Moren Vesaas og Gro Dahle sine dikt har ein tydeleg kjerne, men han er naturleg nok ulik. Altså: Den sentrale metaforen er ikkje den same.
- Kva er kjernen i diktet til Halldis Moren Vesaas? Vel om du vil skrive om det eller teikne det.
- Gjer det same med diktet til Gro Dahle.
- Samanlikn med sidemannen din. Dersom de har teikna – forklar kvarandre teikninga dykkar.