Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er lyrikk?

Lyrikk, poesi, dikt... Vi har mange namn på fenomenet, men det er ikkje så enkelt å definere kva lyrikk er.
Diktaren Yahya Hassan. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei tre hovudsjangrane

Før vi går vidare, kan det vere greit å kjenne til dei tre sjangrane vi har i skjønnlitteraturen:

  1. Episke tekstar fortel vanlegvis ei historie og har eit handlingsforlaup. Romanar og noveller er døme på episke tekstar.
  2. Dramatiske tekstar er tekstar som er meint for scenen, altså skodespel.
  3. Lyriske tekstar blir kjenneteikna av ein konsentrert bruk av språklege verkemiddel. Diktaren bruker gjerne uventa og nyskapande bilete som får oss til å sjå det tilsynelatande kjende i eit nytt lys.

Legg altså merke til at lyrikken skil seg ut ved at han er mindre oppteken av handling og kronologi enn epikken og lyrikken. Men lyrikken er, og har alltid vore, mangfoldig. Derfor kan det vere vanskeleg å definere akkurat kva som kjenneteiknar lyrikk.

Lyrikk i historisk lys

Ezra Pound: ”Poesi er språk lada med meining”

Omgrepet "lyrikk" kjem frå det greske ordet lyra, som er namnet på eit strengeinstrument. I oldtidas Hellas var lyrikken den diktinga som blei sungen til lyremusikk. I dag bruker vi omgrepet lyrikk både om songtekstar og om dikt som skal lesast stilt eller framførast utan tonefølgje.

Korte tekstar, konsentrert tyding

Felles for dei lyriske tekstane er at dei er relativt korte. Eit anna særmerke er ein konsentrert bruk av språklege verkemiddel. Diktaren bruker gjerne uventa og nyskapande bilete som får oss til å sjå det tilsynelatande kjende i eit nytt lys.

"Det er en sprekk i alle ting; der siver lyset inn."

Leonard Cohen, kanadisk forfattar, songar og låtskrivar

Musikalske verkemiddel

Musikalske verkemiddel som rim og rytme speler ei viktig rolle i lyrikken. Klang og rytme i ord og je blir ein del av tekstopplevinga. Ein lyrisk tekst kan også vere ei oppleving for øyra!

Sjå til dømes på opplesninga av eit polsk barnedikt i Linda Eides språksjov. Sjølv om du ikkje kan polsk, vil du høyre at dei musikalske verkemidla er eit viktig kjenneteikn ved diktet. Både den auka lesehastigheita og rimet skaper ein rytme som skal etterlikne rørslene og lydane til toget.
Sjå frå 14:30 på Linda Eides språksjov.

CC BY-SASkrive av Cecilie Isaksen Eftedal og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2020

Læringsressursar

Lyrisk dikting