Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag dikt om til ein teikneserie

Sei at du stappar mora di oppi ein koffert. Kva får du då? Jo, ein artig idé til ein teikneserie.

Oppgåve 1. Teikn diktet

  1. Les diktet "Si at du stapper moren din oppi en koffert. Hva får du da?"
  2. Lag ein teikneserie på 6–10 ruter av diktet. Det viktigaste her er ikkje å teikne fint, men å få fram kva du meiner diktet handlar om.
  3. Gå rundt i klasserommet og sjå på teikneseriane til dei andre i klassen. Diskuter på same tid korleis de vil tolke dette diktet.
  4. Gå saman i par eller grupper. Bestem dykk for kven sin teikneserie de synest er den beste. Lag ein video der de les opp diktet og viser bileta på same tid.

Oppgåve 2. Diskuter diktet

Sit i grupper på fire. De må ha noko å skrive med og på.

  1. Ein på gruppa les diktet høgt for resten. Etterpå skal kvar og ein av dykk, utan å snakke med dei andre, fullføre setninga "Eg meiner dette diktet handlar om ...". Les høgt for kvarandre. Har de likt førsteinntrykk?
  2. La ein annan på gruppa lese diktet høgt for andre gong. Fullfør setninga "Diktet viser at ei mor er ...". Samanlikn svara dykkar igjen.
  3. La ein tredje lese diktet høgt. Fullfør setninga "Temaet i diktet er ...". Samanlikn og diskuter svara dykkar.
  4. No skal sistemann lese diktet. Fullfør setninga "Det viktigaste verkemiddelet i diktet er ...". Samanlikn svara dykkar og vis til sitat frå teksten for å grunngi.

Oppgåve 3

Samanlikn framstillinga av morsrolla i dette diktet med diktet "Hvem er det som ingen ser?"

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020

Læringsressursar

Lyrisk dikting