Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor kontekstualisere tekstar?

Du forstår meir av ein tekst når du veit noko om samanhengen han er skriven i.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Éin tekst - fleire lag

I alle tekstar finst det "hol" – det er rett og slett ikkje alt som vert sagt heilt uttrykkjeleg. Slike "hol" kan vere informasjon som forfattaren føreset at lesaren kjenner til. Les vi til dømes eit dikt om forelsking, kan forfattaren gå ut frå at det er visse ting vi veit om denne tilstanden, mest sannsynleg også av eiga erfaring. Men ein forfattar kan òg medvite bruke "hol" i teksten for å gjere lesaren nyfiken og for å skape rom for ulike tolkingar. Då seier vi gjerne at vi må "lese mellom linjene" for å tolke teksten.

Uansett bruker vi alltid det vi kan og veit frå før når vi prøver å forstå ein tekst, og dess større forkunnskapar vi har, dess fleire lag med meining oppdagar vi gjerne i teksten. Derfor tolkar vi ofte ein tekst på ein annan måte når vi veit meir om forfattaren og om samanhengen teksten vart skriven i. Vi skal nå kort sjå nærare på tre ulike lesingar av songteksten “Rop til meg!” av Ella Marie Hætta Isaksen som viser nettopp dette.

Les teksten "Rop til meg!"

Rop til meg!

Eg er bortført, eg er på villspor
Eg finn ikkje attende dit eg høyrer til
Eg finn ikkje vegen heim
fordi du har gløymt meg

Rop til meg så eg lettare
kan følgje spora tilbake
Rop til meg og ta meg
heim til deg

Eg har venta lenge no,
eg er på leit
Eg finn inga trøyst lenger
Er eg forsvunnen?
Eg finn ikkje vegen heim
fordi du har gløymt meg

Heioleilo unnskyld for at eg let deg gå

Forfattar: Ella Marie Hætta Isaksen.
Teksten er publisert med tillating frå forfattaren. Lisens: copyright.

Lag 1

Teksten handlar om eit lyrisk eg som lengtar etter å komme heim, men som ikkje klarer det utan hjelp. Teksten seier ikkje noko konkret om kva "heim" er for eg-et. Derfor opnar han for ulike tolkingar: Handlar han om eit kjærasteforhold? Eller om heilt vanleg hjemlengt? Eller kanskje om ein religiøs lengt?

Lag 2

Teksten vart skriven då forfattaren var 16 år og hadde flytta heimanfrå for å gå på vidaregåande skule. Vi kan derfor tenkje oss at han handlar om å verte vaksen og om å rive seg laus frå foreldra og heimen. Det lyriske eg-et er ein ung person som for første gong er ute i verda på eiga hand. Når ein er ung og skal forlate det ein kjenner som godt og trygt, er det vanleg å vere usikker og kjenne seg heilt fortapt: “Eg er på villspor”, “eg vil heim”. Eg-et i diktet verkar faktisk svært fortvila og kjenner seg gløymd.

Lag 3

Teksten tematiserer korleis det kan vere vanskeleg å halde på språk og identitet når ein tilhøyrer ein språkleg og kulturell minoritet, og korleis det kan opplevast å "miste" den personen ein har vore til no. Den samiske kulturen er ein minoritetskultur i Noreg, og jamvel om det finst ei auka forståing og ein aukande respekt for samisk kultur i landet, opplever mange samar at det er vanskeleg å halde på den samiske identiteten sin i møte med majoritetskulturen i Noreg.

I songen "Rop til meg" skildrar Ella Marie Hætta Isaksen nettopp denne frykta for å miste sin samiske identitet. Ho har mått flytte frå barndomsheimen sin i Tana som 16-åring og kjenner seg ikkje heime på staden ho kjem til, ho er "på villspor". Ho føler ho har mista kontakten med morsmålet sitt, og dermed nøkkelen til sin eigen kultur, til heimen sin. Dette har skjedd utan at ho eigentleg ville det, for ho er "bortført", men ho ser at ho også har eit ansvar, for ho avsluttar songen sin med setninga “Unnskyld for at eg let deg gå.”

Å avdekkje lag etter lag i teksten

Innan litteraturvitskapen snakkar ein ofte om ulike lesemåtar i arbeidet med tekster, og i arbeidet med "Čurves munnje/Rop til meg" har vi faktisk brukt tre ulike lesemåtar på ein og same tekst.

Tekstorientert lesemåte

I starten arbeidde vi med lag 1 i songteksten. Vi såg berre på orda i songen, utan omsyn til kven som er forfattaren og kva for ein kulturell og historisk samanheng teksten står i. Då har vi brukt ein tekstorientert lesemåte: Det er berre teksten i seg sjølv som er interessant, alt anna lar vi liggje.

Forfattarorientert lesemåte

Å lese teksten ut frå biografien, haldningane og verdiane til forfattaren kan vi kalle ein forfattarorientert lesemåte. Ein slik lesemåte brukte vi då vi pirka borti lag 2 i teksten og sette han i samanheng med opplysningar om at han vart skriven då forfattaren flytta heimanfrå som 16-åring.

Kontekstorientert lesemåte

Då vi avdekte lag 3 i teksten, brukte vi ein meir kontekstorientert lesemåte. Vi såg på teksten i eit minoritets-majoritets-perspektiv og oppdaga korleis han fikk ei anna tyding fordi han er skriven av ein samisktalande ungdom. No vart teksten til eit døme på kor vanskeleg livet i det norske majoritetssamfunnet kan vere for ein person med samisk bakgrunn.

Vi kan også lese songteksten som ein kritikk av korleis samisktalande har vorte behandla av det norske majoritetssamfunnet tidlegare: Når det lyriske eg-et hevdar at det er bortført, at vegen heim er umogleg å finne, og når det til og med stiller spørsmålet: “Er eg forsvunnen?”, då kan teksten også oppfattast som ein kritikk av den tidlegare fornorskingspolitikken som gjorde det svært vanskeleg for samisktalande å snakke sitt eige språk og å bevare kulturen sin. Opplevinga til det lyriske eg-et er då representativ for noko mange andre samar har opplevd, og framleis opplever.

Ei rikare tekstoppleving

Ingen av dei tre tolkingane vi har sett på er for så vidt meir riktige enn dei andre. Dei er alle gyldige tolkingar så lenge vi klarer å grunngi dei på ein etterretteleg måte, det vil seie med teksten som bakteppe.

Like fullt viser dei tre tolkingane oss korleis kunnskap om konteksten kan gi oss ei betre forståing og ei rikare oppleving av teksten. Vi kan godt lese diktet berre som ein tekst om ein person på villspor som ber om hjelp til å komme seg heim. Men teksten vert utan tvil meir interessant når vi har kunnskap som hjelper oss å sjå meir konkret for oss kva det lyriske eg-et vil heim til, og kva som eventuelt kan truge tilhøyrsla og nærleiken til denne heimen.

Relatert innhald

Korleis kan identiteten din bli utvikla og støtta ved at du opplever og sjølv skaper tekstar?

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2019

Læringsressursar

Lyrisk dikting