Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Line skal tisse

Oppgåve 1

Les novella "Line skal tisse" og jobb deretter med spørsmåla:

  1. Beskriv hovudpersonen Line.
  2. Kva er det som skaper konflikt mellom Line og foreldra hennar?
  3. Kva kan vere grunnen til at foreldra ikkje vil hjelpe Line?
  4. Korleis opplever Line reaksjonen deira?
  5. Kva for ord og bilete bruker forfattaren for å skildre redselen til Line?
  6. Er det berre mørket ho er redd for?
  7. Line finn til slutt ei løysing på problemet. Korleis trur du foreldra kjem til å reagere på det ho gjer?
  8. Oppfattar du Line som trassig?
  9. Kva vil du seie er temaet i denne novella?
  10. Sjå nærare på forteljeteknikken:

    Er novella skriven i første eller tredje person?

    Synsvinkelen ligg hos Line, og vi får vite kva ho tenkjer og føler. Kva oppnår forfattaren med dette valet?

  11. Novella er skriven på dansk, og nokre av orda er derfor forskjellige frå norsk. Finn ord i teksten som tyder om lag det same som orda nedanfor:

    gråte, redd, pusten, etasje, treffer, renn, ball, skapet

Oppgåve 2

Vel ei av desse skriveoppgåvene:

  1. Foreldra til Line oppdagar kva som har skjedd i løpet av natta. Korleis reagerer dei? Kva vil dei gjere? Skriv samtalen mellom mor og far.
  2. Har du nokon gong vore mørkredd? Skriv ei kort forteljing om mørkeredsel.

Relatert innhald

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Anne Ely Thorenfeldt og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2019

Læringsressursar

Episk dikting