Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

London – ei psykologisk krimgåte

Novella "London" er ei blanding av ein psykologisk thriller og ei krimgåte. Klarer du å forstå hovudpersonen og løyse krimgåta ved å samarbeide med medelevar og nærlese teksten?

Del 1: Førlesing

Sit i grupper. Under ser de fem setningar frå novella de skal lese. Les dei høgt for kvarandre og diskuter spørsmåla nedst i oppgåva.

  • Eg løftar høgre handa og legg ho på ryggen hans, lågt, litt over korsryggen, slik at ingen ser det.
  • Det følest som om eg blir fødd på ny kvar gong eg lèt kroppen min gli ned i det kalde vatnet, lèt det svelgje meg, lydlaust.
  • Fem meter over meg står Heather på kanten og tel ned.
  • Det går ein faen i meg, og eg heiser meg opp av vatnet og følgjer etter.
  • Eg spring heim, tårene brenn i kjakane mine, eg klarer så vidt å skjule andletet mitt for mor, spring opp trappene og inn på rommet mitt.
  1. Kva trur de kjem til å skje i teksten?
  2. Kva miljø er handlinga lagt til?
  3. Korleis oppfattar de stemninga i novella?
  4. Kva inntrykk får de av hovudpersonen?
  5. Trur de dette er ei novelle med ein lykkeleg slutt?

Del 2: Les med pausar

Sit i grupper. De skal lese novella i tre etappar. Etter kvar etappe skal de kort diskutere nokre sentrale spørsmål.

Etappe 1

Les dei to første avsnitta, til og med setninga "Det er alt som skal til." Diskuter:

  • Korleis er stemninga i starten av novella? Grunngi ved å peike på setningar eller nokre ord som de synest skaper denne stemninga.
  • Korleis er førsteinntrykket dykkar av hovudpersonen? Også her må de grunngi ved å vise til sitat frå novella.
  • Korleis trur de novella sluttar?

Etappe 2

Les vidare til setninga "Det var ikkje min feil." Diskuter:

  • Er det hans feil? Grunngi svaret ved å vise til teksten.
  • Kva samanheng kan de sjå mellom notidshandlinga frå London og tilbakeblikket til ungdommen i Perth?

Etappe 3

Les deretter resten av novella og diskuter:

  • Var novella slik de hadde forventa etter førlesinga?
  • Korleis vil de beskrive hovudpersonen?

Del 3: Temaet i novella

No skal du jobbe aleine.

  1. Les gjennom novella ein gong til. Marker setningar i teksten som du meiner er viktige, eller som du ikkje forstår.
  2. Formuler det du meiner er temaet i novella. Grunngi ved å vise til tre–fire setningar i teksten.
  3. Samanlikn det du har skrive med andre i klassen. Har de vore inne på noko av det same? Kan nokon hjelpe deg med å svare på eventuelle spørsmål du har notert ned?

Del 4: Nærles novella

I denne delen skal du øve deg på å nærlese sentrale delar av novella. Det vil seie at du skal markere ord/setningar som er spesielt viktige. Du vil få tre oppdrag der du skal nærlese med eit formål.

Oppdrag 1. Korleis blir spenning skapt?

Den første delen av novella går føre seg i forretningsstrøket City i London. Spenninga og intensiteten i teksten aukar allereie i avsnitt to, der eget fortel om dei indre lengslane sine etter å dytte ein mann ut i trafikken.

Oppdrag: Les det andre avsnittet og marker ordval, setningsoppbygging eller anna som du meiner aukar intensiteten i historia. I tillegg må du notere ned kvifor du markerte akkurat desse delane av avsnittet.

Tips
  • Kva for ord startar dei fleste setningane med? Og kva funksjon har dette?
  • I dette avsnittet er den fortalde tida i novella svært låg. Det er som om tida går seint. Marker ord og/eller setningar som du meiner skaper denne funksjonen.
  • Marker ord som tek for seg dei kroppslege reaksjonane til hovudpersonen då han kjenner på lysta til å dytte den framande ut i trafikken. Kva effekt har ordvalet i tankereferatet her på lesaren?

Oppdrag 2. Å forstå fortida

I denne andre delen er du på jakt etter å forstå det som er ei avgjerande hending i fortida til hovudpersonen: dødsfallet til Heather. Kva skjedde eigentleg på stupebrettet i symjehallen i Perth? Var det eit overlagt drap?

Oppdrag. Les avsnittet under og marker delar av teksten som du meiner taler for eller mot at hovudpersonen har begått eit overlagt drap.

Eg klarer ikkje å samle tankane mine. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere, kva eg skal seie, og før eg får tenkt meg om, har sinnet mitt spent beina under ho. Ho fell skrått mot meg, og eg må ta eit steg bakover, så ho ikkje ramlar i meg. Bakhovudet hennar treffer betongkanten med eit ”krakk”. Blekksprutaktig sklir ho over kanten og dei fem metrane ned mot den harde vassoverflata under oss. Eg står i den våte badebuksa mi i den store hallen og stirar på eit raudt punkt i den porøse betongen, kjenner ei kulde eg ikkje har kjent før.

Tips
  • Legg særleg merke til setninga som viser til sjølve handlinga som fører til fallet.
  • Korleis vil du karakterisere ordvalet om Heathers død? Kven sine ord er dette?

Oppdrag 3. Avslutninga

Avslutninga er gåtefull. Korleis bidreg ho til forståinga av kva som er temaet i novella?

Oppdrag: Strek under passasjar i det siste avsnittet som du meiner er viktige for å forstå hovudpersonen og temaet i novella.

Tips
  • Sjå på kontrasten mellom orda etter det aller siste kommaet i novella og resten av avslutninga.
  • Legg merke til hai-metaforen og orda som blir brukte om det å vere på jakt etter eit byte.

Del 5: Påstandar om novella

Diskuter påstandane under:

  • Hovudpersonen drep, utvilsamt ei forferdeleg handling, men skildringa av det som skjer på stupebrettet, viser at det kunne skjedd kven som helst.
  • Skildringa av draumane og ambisjonane til hovudpersonen viser at det ikkje er tilfeldig at nettopp han blir drapsmann.
  • Hovudpersonen i novella har berre drepe éin gong.
  • Denne novella handlar om heilt vanlege drifter og lengslar hos menneske.

Relatert innhald

Novella "London" skriven av Bjarte Klakegg.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2020

Læringsressursar

Episk dikting