Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Spenning i symjehallen

Les novella "Stupeteknikk" og undersøk ulike sider ved teksten både ved å diskutere og nærlese.

Del 1: Førlesing

Denne delen skal du gjere aleine. Les utdraget frå novella du skal lese (under) og svar skriftleg på dei fire spørsmåla under. Pass på å ta vare på det du skriv, for du treng det seinare.

Ho steller seg fremst når dei skal danne køen bak bretta, stryk handa langs sida av drakta. Ho blir ståande på brettet til ho ser at han snur seg, vil vere heilt sikker på at han ser på. Den varmande kjensla av blikket hans mens ho tek sats, mens kroppen hennar skjer gjennom lufta.

  1. Kven er det som har synsvinkelen i dette utdraget?
  2. Kvar trur de "ho" er?
  3. Kva verkar det som om novella kjem til å handle om? Grunngi ved å peike på tekstsitat.
  4. Det er for tidleg å seie noko sikkert om kva teksten vil fortelje oss, altså kva som er temaet. Men skriv ned eitt ord som du meiner kan vere tema i novella.

Del 2: Les novella

Les novella høgt i klassen. La ein elev lese hovudforteljinga og ein annan den kursiverte teksten.

Del 3: Vend tilbake til del 1

Set dykk i par eller grupper. Finn fram svara de skreiv ned til oppgåve 1 og les dei opp for kvarandre.

  1. Trefte de med det de skreiv i del 1?
  2. Diskuter denne påstanden på gruppa: "Dette er ei typisk historie om forelsking. Novella handlar ikkje om så mykje meir enn det". Finn ein tekstpassasje som bevis på ditt syn, uansett om du er einig eller ueinig i påstanden.
  3. Kva rolle meiner de teksten i kursiv har?

Del 4: Blikk og berøringar

Jobb aleine. La du merke til gjentakinga av blikk og berøringar i novella? No skal du nærlese teksten på jakt etter desse momenta.

  1. Marker setningar som handlar om dei to momenta blikk og berøring. Medan du les, bør du òg notere ned kva funksjon du meiner dette har i novella. Sjå døme under.
  2. Samanlikn med ein annan elev i klassen. Har de notert og lagt merke til det same?

Del 5: Perspektivbyte

Sit i par. Les om igjen scenen der jenta går bort til symjetrenaren og ber han vise henne riktig stupeteknikk. No skal de skrive om denne delen av novella.

  • Ein av dykk skriv scenen frå perspektivet til stefaren. Legg vekt på synsinntrykka og tankane hans.
  • Den andre gjer det same, men no skal symjetrenaren ha synsvinkelen.

Del 6: Diskuter. Kva fortel teksten din?

Les teksten de skreiv i del 5 høgt for kvarandre og diskuter:

  • Fortalde teksten dykkar noko om korleis de tolkar novella? Kva tenkjer til dømes symjetrenaren om jenta? Og kva synest stefaren om det han ser i symjehallen?

Del 7: Skriv om tittelen

Jobb først aleine.

  1. Tittelen på novella er "Stupeteknikk". Gi novella ein ny tittel som du synest passar godt til det som er temaet i teksten.
  2. Les titlane høgt for dei andre i klassen. Var det nokon de syntest trefte spesielt bra? Diskuter kvifor.
  3. Kvifor trur de forfattaren har kalla novella "Stupeteknikk"?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.09.2020

Læringsressursar

Episk dikting