Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Knock-out

Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Les novella "Knock-out" av Håkon Jarle Sveen og jobb deretter med spørsmåla:

  1. Kvifor er det viktig at den unge mannen gjer ein god treningskamp nettopp denne kvelden?
  2. Han har vanskeleg for å konsentrere seg om boksinga, trass at mykje står på spel. Kvifor?
  3. Kvar kjem aggressiviteten frå som hjelper den unge boksaren å vinne den siste kampen sin?
  4. Kvifor trur du han slår til trenaren sin etter at siste kamp er over? Og kvifor reagerer ikkje trenaren med sinne på slaget?
  5. Bryr trenaren seg om den unge boksaren, eller er han berre oppteken av sportsleg suksess? Finn belegg i teksten for synet ditt.
  6. Kva kallar vi den typen opning (innleiing) på novella som forfattaren har valt?
  7. Kva slags forventningar skaper opningsreplikken hos deg som lesar?
  8. Innfrir novella desse forventningane? Grunngi svaret.

Oppgåve 2

Velg ei av skriveoppgåvene nedanfor:

  1. Skriv eit kort samandrag (eit resymé) av handlinga i novella.
  2. Skift synsvinkel og la trenaren fortelje om det som skjer på boksesenteret denne kvelden.
  3. Den unge mannen kjem heim til leilegheita si seinare same kveld. Kva tenkjer og gjer han? Fortel.

Relatert innhald

Novelle om boksing og kjærleikssorg.

CC BY-NC-SASkrive av Anne Ely Thorenfeldt og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting