Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljetempo

Forteljetida er den tida det tek å fortelje ei historie, medan fortald tid er den tida historia faktisk spenner over. Omgrepet forteljetempo bruker vi om forholdet mellom forteljetid og fortald tid.
Lomen stavkirke i Vestre Slidre, Oppland fylke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forteljetid og fortald tid

Det kan vere stor forskjell på forteljetid og fortald tid i ei forteljing. Forteljetida er den tida det tek å fortelje ei historie, mens fortald tid er den tida historia faktisk spenner over. I novella ”En middag” av Alexander Kielland strekkjer handlinga seg til dømes berre over eit par timar, mens vi i den korte forteljinga ”Faderen” av Bjørnstjerne Bjørnson følgjer hovudpersonen i ein periode på over tjue år.

"Faderen"

0:00
-0:00

Ei heil livshistorie, fortald på sju minutt! Høyr skodespelar Morten Røhrt lese forteljinga "Faderen" av Bjørnstjerne Bjørnson.

Relatert innhald

Forteljinga Faderen er mellom dei mest lesne tekstane av Bjørnson. Ho vart skriven i 1859.

Høgt eller lågt forteljetempo

For å beskrive forholdet mellom forteljetid og fortald tid bruker vi omgrepet forteljetempo. Når forfattaren skildrar ei hending i detalj, aukar forteljetida i forhold til den fortalde tida, og forteljetempoet går ned. Novella ”En middag” til dømes er ei forteljing med lågt forteljetempo.

Derimot seier vi at forteljetempoet er høgt når forfattaren med få ord samanfattar det som skjer over eit langt tidsrom, slik til dømes Bjørnson gjer i "Faderen". Han opnar forteljinga med ei scene der storbonden Thord står framfor presten og vil ha sonen sin døypt. Dei seksten åra som ligg mellom dåpen og konfirmasjonen til sonen, blir samanfatta i setninga "Seksten år efter den dag stod Thord i prestens stue." Forfattaren vel målretta ut dei avgjerande situasjonane i livet til Thord. Alt anna er uvesentleg for forteljinga og bodskapen han vil ha fram.

Forteljetempo og framstillingsform

Forteljetempoet heng oftast saman med framstillingsforma. Scenisk framstilling senkar forteljetempoet fordi handlinga blir skildra meir i detalj, og i skildringar stoppar handlinga til og med heilt opp. Derimot aukar forteljetempoet når forfattaren bruker refererande framstilling.

Forteljetempo og spenning

Sidan forfattarane til vanleg varierer mellom referat, scene og skildring, vil òg forteljetempoet auke og minke tilsvarande. Hendingar som er mindre viktige, blir gjerne skildra med høgt forteljetempo. Mykje blir òg utelate heilt. I ei ættesoge til dømes kan alt som skjer på eit halvt år, bli oppsummert i éi einaste setning av typen "Den vinteren sat han heime".

Tilsvarande minkar forteljetempoet ofte når det er ei avgjerande eller dramatisk hending som skal forteljast om. Ein kortvaring duell i ei ættesoge kan bli ganske inngåande skildra, spesielt dersom hovudpersonen er involvert.

CC BY-NC-SASkrive av Tone Elisabeth Grundvig.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting