Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Komposisjon

Ein blomsterdekoratør set saman ein bukett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Vel deg ei av novellene nedst på sida, og sjå på komposisjonen. Skriv ned døme frå teksten som viser kva du har funne ut:

  1. Korleis startar novella?
  2. I kva rekkjefølgje blir hendingane presentert?
  3. Er det stader i teksten der du får hint om kva som har skjedd i fortida, eller om noko som skal skje i framtida?
  4. Blir noko gjenteke i teksten, som hendingar eller formuleringar?
  5. Er det meir enn éi forteljing i novella?
  6. Korleis er spenninga bygd opp?
Nokre fagomgrep du kan få bruk for når du skal svare på oppgåvene
  • in medias res
  • skildring
  • bakgrunnsinformasjon
  • faste formular
  • kronologisk
  • retrospeksjon
  • frampeik
  • gjentaking
  • parallellar
  • rammeforteljing
  • spenningsoppbygging
  • spenningskurve
  • eksposisjon
  • konfliktar
  • konfliktopptrapping
  • høgdepunkt
  • spenningstoppar
  • vendepunkt
  • løysing


Relatert innhald

Novelle om ungdom og identitet. Elevtekst.

Novelle om boksing og kjærleikssorg.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020

Læringsressursar

Episk dikting