Hopp til innhald

Fagstoff

Novelleanalyse: Ein modelltekst med tips

Kva kjenneteiknar ein god novelleanalyse? Her kan du lese ein god analyse av novella "Blodspor". Dessutan vil du få ei innføring i kvifor dette er ein god tekst.

Eit uskyldig offer

Dei fleste menneske i Noreg har aldri opplevd ein krig. I staden ser vi innslag om krig frå ulike delar av verda på nyhende eller les om det i aviser. "Triste greier", tenkjer vi kanskje, slår av TV-en og loggar oss på Instagram for å sjekke siste nytt som verkeleg "gjeld oss". Novella "Blodspor", skriven av Bakir Ahmethodzic, handlar om ein slik krig som vi i Noreg erfarte på avstand. Ho gir eit innblikk i korleis ein krig kan opplevast gjennom auga til ein liten gut.

Motivet i novella er ein liten gut som spring frå noko skremmande. Dei fleste setningane i første halvdel skildrar guten sin løpetur og dei fysiske reaksjonane han har i denne korte flukta: "Hjertet hamrer", han er "redd" og vurderer "større bloddammer". Omtrent midtveges i den korte novella kjem det fram at det guten spring frå, er ein sterk lyd, sannsynlegvis ei bombe. Denne andre bomba kastar guten over ende og fører til at hjartet til guten sluttar å slå – altså døyr han. Avslutningvis kan vi lese setningar frå forteljaren sjølv som kommenterer teksten: "Alle gatene i Sarajevo har blitt sånn: Noen rakk enden – og noen gjorde det ikke."

Denne siste setninga viser kva som er temaet i novella: krig. Eller nærare bestemt – den nådelause krigen som drep uskyldige små barn. Ved å la hovudpersonen vere ein liten gut gir forfattaren oss eit anna innblikk i krigen sin råskap enn det vi vanlegvis får gjennom nyhende. Ahmethodzic har nok valt denne uskyldige guten som hovudperson for å røre oss lesarar ekstra. Det er kjent at vi ofte har ekstra medkjensle med dei små. Dei verkar endå meir uskyldige offer for brutaliteten til krigen enn ein vaksen hovudperson ville gjort.

Forteljaren er autoral og allvitande. I store delar av teksten ligg synsvinkelen hos den vesle guten. Gjennom mesteparten av novella får vi berre innsikt i tankane og kjenslene til guten. Men på same tid står det at "den vesle hjernen hans skjønner ikke noe", ein kommentar som guten sjølv ikkje kunne tenkt. Her er det den allvitande forteljaren som bryt inn og tolkar tankane til hovudpersonen, og det er ei setning som viser kor uforståeleg og skremmande ein krig kan vere for ein uskyldig gut. Særleg tydeleg kjem den allvitande forteljaren til syne til slutt. Han kjem med ein metakommentar som fortel at skjebnen til guten ikkje er unik og kommenterer med det sin eigen tekst.

Når det gjeld komposisjonen til novella, startar han in medias res. Vi blir kasta rett inn i hovudpersonen sin reaksjon på noko skummelt: "Plutselig begynner det lille hjertet hans å slå veldig hardt og veldig raskt." Det er allmenn kunnskap at hjartet reagerer slik på frykt, men vi lesarar veit ikkje kva "hans lille hjerte" er redd for. Vidare blir det første avsnittet fylt av typiske skildringar av frykt og flukt: "Hans lille hjerte slår veldig hardt", han blir "redd" og "løper". Slik blir det skapt ei hektisk og hjarteskjerande stemning med ein gong. Ved å bruke desse orda fører forfattaren oss rett inn i ein episode få av oss har opplevd. No ser vi han gjennom auga til ein liten gut. Vi føler med guten og håper det går bra med han.

Komposisjonen er elles prega av at forteljinga går over eit særs kort tidsrom. Ho startar ved at ei bombe slår ned og held fram med å skildre ei kort flukt. Vendepunktet, eller høgdepunktet, er når den kraftige lyden smell. Etterpå er det stille: "Plutselig hører han ikke noe, ikke noe unntatt stillhet." Sitatet indikerer at guten, og kanskje mange rundt han, er skadde. Dessutan forstår lesaren at guten er hardt skadd sidan han blør frå magen. Guten sjølv forstår ikkje dette, så her forstår lesaren meir enn han. Etter dette endrar stemninga seg: Ordbruken viser at guten er ferd med å døy, og heilt til slutt sluttar hjartet hans å slå. Vi kan tenkje oss at handlinga speler seg ut i løpet av berre minutt: angst – flukt – bombe nummer to – død.

Novella er i stor grad skriven som ei blanding av handlings- og tankereferat. Handlingreferatet er fortalt gjennom auga til guten: "Mens han løper, snur han hodet og kaster et raskt blikk på disse små blodspora". Alt i alt bidrar referatet til å skape ei stressa stemning. Ei av årsakene er at det hektiske verbet "løpe" blir gjenteke fleire gonger. Guten "løper", og alle andre rundt han "løper". Særleg i det første avsnittet dominerer dette verbet og viser slik den einaste reaksjonen ein kan ha i møte med bomber frå himmelen: Du kan flykte og håpe på det beste. Ved å repetere verbet blir det vist kor hjelpelause barn, og vaksne, er i møte med krigsmaskineriet.

Når det gjeld tankereferata, bidreg òg dei til å vise den uskyldige guten. Også desse forsterkar inntrykket av at krigen er nådelaus mot dei som ikkje har noka skuld i han. Ved å la guten tenkje "Han er fremdeles redd som aldri før" og "Men det gjør ikke vondt, nei, det gjør ikke det. Hjertet begynner å roe seg ned" ønskjer forfattaren å gi innsikt i eit barn si oppleving av krigshandlingane. Vi ønskjer automatisk å trøyste ein liten, "redd" gut. Tankane hans står i sterk kontrast til den brutale bomba og blodet. Vi får medkjensle med guten og heiar på han. Men forfattaren vel å la han døy til slutt. Slik viser han at krigen er nådelaus og håplaus.

Novella har berre éin karakter – den vesle guten. I det andre avsnittet ser vi at denne guten er som dei fleste barn vi kjenner: Når små gutar slår seg og blør, vil dei ha trøyst av ein vaksen. Vi les: "Han er redd for blod" og vanlegvis "ville han begynt å gråte". Viss alt var som normalt, utan krig, ville kanskje ein vaksen ilt til, teke han opp og kome med trøystande ord. Men denne guten lever i eit krigsområde. Derfor må han berre springe vidare utan hjelp eller trøyst. Lesaren vil få auka medkjensle med guten her. Kanskje har vi sjølv barn eller småsøsken på same alder som guten? Slik vil kontrasten mellom det vi opplever som ein normal reaksjon på fallet og redselen til ein gut, og opplevingane til denne guten, skape sterke kjensler hos lesaren. Hovudpersonen er ikkje tilfeldig vald. Det kunne vore ein vaksen mann, men då ville kanskje ikkje historia rørt lesaren like mykje. Slik blir krigen sin råskap, og ikkje minst den innverknaden krig har på heilt uskuldige menneske, særleg tydeleg.

Gjentakingar av visse ord er eit verkemiddel som går igjen i novella. Pronomenet "han" går igjen. "Han" er hovudpersonen, og vi får umiddelbart medkjensle med guten når det blir skrive "hans lille hjerte" og "hans lille hjerne". Avslutningvis kan vi lese ei hjarteskjerande scenisk framstilling som viser at "han" ikkje er aleine om skjebnen sin: "Uten å røre på seg ligger han i den korte, men endeløse gata blant mange andre som også ligger der på same måte som han." Då forstår lesaren at historia om "han" òg er historia til "mange andre". Slik blir medkjensla vi kjenner for "han", løfta til ein skjebne som gjeld for mange fleire.

Eit anna ord som blir gjenteke er ordet «blod». Blodet kan symbolisere døden som er i vente. Det startar med litt blod frå eit lite skrubbsår som fører til "bitte små bloddammer". Håpet er der enno. Men rundt han er det større bloddammar, dette frå folk som sannsynlegvis har mista livet. Etter den andre bomba blir ordet "bloddam" brukt endå ein gong om det som kjem frå eit av såra til guten. Men no forstår lesaren at guten er i fare. For denne nye bloddammen blir ikkje omtalt som liten, og han kjem frå magen. Utviklinga i ordbruken gjer at lesaren forstår at håpet er ute for den vesle hovudpersonen, utan at han sjølv forstår det. Gjennomgåande følgjer altså dette blodet den håplause flukta til guten frå bombene.

I kontrast til dette står gjentakingar av ordet "hjerte". Hjartet symboliserer liv og kraft. Den kroppslege reaksjonen til guten etter den første bomba er eit hjarte som slår hardt og hurtig – ein naturleg reaksjon på frykt som skal få han til å flykte for livet. Kanskje er det håp for han? I starten av det andre avsnittet blir dette livskraftige hjartet repetert: "Hjertet slår like raskt og like hardt, det vil ikke roe seg ned." Men etter vendepunktet forandrar ordbruken om hjartet seg:

Hjertet begynner å roe seg ned. Det slår langsommere, og langsommere, og langsommere. Han begynner å føle seg trøtt selv om hjertet fortsetter med å slå – langsommere, og langsommere, og langsommere – til det helt slutter å slå.

I staden for å skrive at "guten døyr", lèt forfattaren døden blir symbolisert ved dette hjartet – "det lille hjertet" som han har omtalt det som tidlegare.

Gjentakinga av verdiladde ord som "blod" og "hjerte" vekkjer kjensler som angst, omsorg og empati hos lesarane. Når vi ser for oss den uskyldige guten liggjande med eit hjarte som slår langsamare og langsamare, får vi ei innsikt i krigen sin råskap: Ein liten gut døyr sakte, heilt aleine, utan foreldre som får kome til og ta seg av han. Slik skal historia treffe lesaren midt i hens eige hjarte.

Først i avslutninga skjønar vi at handlinga er teken frå krigen i gamle Jugoslavia. Her kjem forfattaren inn med ein metakommentar. Han har nettopp forlate guten døyande på bakken og kommenterer ved å seie at "alle gatene i Sarajevo er like". Kommentaren kan nesten verke tørr og observerande når han seier at "noen rakk enden – og noen gjorde det ikke". Men den litt nøkterne tonen verkar som ein kontrast til historia om guten med det vesle hjartet som slutta å slå. Kontrasten gjer hovudhistoria endå meir grufull. Slik bruker forfattaren kommentaren til å vekkje medkjensla til lesarane.

Tittelen til novella er "Blodspor". Dette refererer til spora frå den døde guten og den døden som ventar han. Men ikkje berre han – alle dei uskyldige offera frå krigen i Jugoslavia spesielt og krigar rundt i verda generelt. Skjebnen til guten er hjerterå og vil vekkje sterke kjensler hos lesaren. Dette oppnår forfattaren ved å detaljert skildre dødskampen til eit uskyldig offer – ein gut som i ei god verd skulle sloppe å springe frå leikene sine, og som skulle fått trøyst av foreldra då han ramla og byrja å blø.

Det er ved å skape denne kontrasten og innlevinga forfattaren kan vekkje oss lesarar, som vanlegvis berre les om krig i aviser og ser han på TV. Slik viser han den styrken skjønnlitteraturen har: Ved å gi oss innsikt i skjebnen til eit uskyldig enkeltindivid kan han vekkje oss.

Relatert innhald

Novelle med motiv frå Bosnia-krigen.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2020

Læringsressursar

Å skrive novelleanalyse