Terminalar
Det er ikkje berre varer som skal fraktast frå ein stad til ein annan, men også passasjerar. Passasjer- og godsterminalar er i utgangspunktet organiserte likt: På terminalen byter passasjerar og gods over til nye transportmiddel, og begge typar "frakt" blir sorterte på terminalen for transport i ulike retningar og til ulike mål. Det finst terminalar knytte til alle typar transportnettverk.
Terminalane er viktige ledd i transportkjeda. Dei skal samordne eller samlaste gods og passasjerar og på den måten bidra til ein effektiv og lønnsam transport. Effektiv drift på terminalar og lager krev planlegging: Aktivitetane skal skje til rett tid, og oppgåvene skal gjennomførast av og med dei rette menneska, med dei rette varene og med den hjelpa sjåførane treng for å kunne gjere sin del av jobben.
Når mange passasjerar, pakkar eller pallar skal same veg, er det vanlegvis god økonomi i å la dei reise saman, altså å samlaste dei.
Grupper av passasjerar kan plasserast i ein buss, på eit tog eller om bord i eit fly. Svært få passasjerar har nøyaktig det same reisemålet: Nokre skal kanskje på dagsmøte, nokre skal ut i turnus på ei oljeplattform, mens andre igjen skal besøke kjærasten. Dermed blir det behov for å dele opp gruppa i etterkant og transportere den enkelte vidare med buss, taxi eller andre transportmiddel.
For gods er det viktig å utnytte transportkapasiteten og organisere effektive transportkjeder. Nesten alle sendingane blir omlasta ein eller fleire gonger. Ofte blir dei også bygde opp til større volum eller brotne ned til mindre volum.
Mange av godsterminalane blir organiserte av store transportørar og samlastfirma som Schenker, Bring eller Tollpost Globe. Desse firmaa er landsdekkande innan vareformidlingstenester og har bygd opp eit landsdekkande distribusjonsnett for gods. Internasjonalt samarbeid gir dei tilgang til tilsvarande distribusjonsnett over heile verda. Dei norske netta er gjerne bygde opp rundt regionar med ein eller fleire terminalar.
Mykje gods blir frakta i konteinarar. Konteinarar har den fordelen at dei kan plasserast utan at køyretøyet blir ståande lenge, og dei er derfor lite kostnadskrevjande. Konteinarar blir brukte til både bil-, jernbane- og sjøtransport.
Når godset skal distribuerast frå ein regional terminal og ut til kunden, blir det som oftast brukt bilar med skap og løftelem. Køyreruta og mengda gods som skal transporterast, avgjer kor store distribusjonsbilar som blir brukte.