Innrydding av varer på lokasjon
Etter at datasystemet har funne ein ledig lokasjon til ein artikkel, blir varene lagde på lokasjon.
Nokon varer har bruksfrist. Desse skal plukkast etter haldbarheitsdato, og det er derfor viktig å sjekke denne datoen ved innrydding av varer på lokasjon.
Svært høgfrekvente varer får ikkje tildelt lokasjonsadresser i det heile. Varene skal ut av lageret igjen nesten med det same dei kjem inn, og dei er berre innom lageret for å bli samlasta med andre varer får dei går vidare. Vi kallar dette for crossdocking. Innrydding og plukk skjer då etter LIFO-prinsippet (Last-In-First-Out). Eit døme på ei slik vare er toalettpapir, som går i så store volum at sentral- og regionlagera vel å bruke LIFO-prinsippet.
For andre varer utan haldbarheitsdato skjer innrydding og plukk etter FIFO-prinsippet (First-In-First-Out).