Hopp til innhald

Fagstoff

Kontroll av kjøpsavtale

Her lærer du kor viktig det er med kontroll av kjøpsavtalen ved mottak av varer. Kontrollen skal sikre at vi ikkje betaler for varer vi har bestilt, men ikkje fått.
Sjekk alltid at talet stemmer med pakksetelen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når nye varer kjem til eit varemottak, skal dei som tek imot varene, gjere ein kontroll:

AvtaleKontroll av
Kjøpsavtalen mellom seljar og kjøparat alle ordrar er leverte komplette og feilfrie
Transportavtalen mellom avsendar, fraktførar og mottakarat ingen sendingar har transportskade

Tabell: Kontrollar i eit varemottak.

Kontroll av kjøpsavtale

Når vi kontrollerer ein ordre i eit varemottak, kontrollerer vi at kjøpsavtalen mellom seljar og kjøpar er innfridd.

Saman med varene er det normalt ein pakksetel som viser alle artiklane for kvar ordre vi tek imot. Vi kan bruke pakksetelen som grunnlag for kontroll. I så fall kryssar vi pakksetelen mot alle varene som kjem i ei sending, kolli for kolli. Når vi seinare får fakturaen, kryssar vi på ny pakksetelen mot fakturaen.

Denne måten å kontrollere kjøpsavtalen på inneber to kontrollar – først kryssing av pakksetelen mot varene ein har teke imot, deretter kryssing av pakksetelen mot fakturaen. Om vi har fakturaen frå leverandøren tilgjengeleg, kan vi komme unna med éin kontroll ved å kontrollere varene i ei sending direkte mot fakturaen. Då kryssar vi av direkte i fakturaen, kolli for kolli.

Ein annan måte å gjere kontrollen på som sparer endå meir arbeid, er å skanne varenummera frå ulike sendingar elektronisk mot kjøpsavtalane. Ein del bransjar har teke i bruk slike løysingar, andre held på å innføre dei.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Drift på terminal og lager