Hopp til innhald

Fagstoff

Plassering av varer

Her lærer du kor viktig riktig plassering av ei vare er for effektiv plukk.
Døme på lagersoner ved eit daglegvarelager.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Riktig vareplassering betyr mykje for produksjonen på eit lager. Med tusenvis av artiklar er det vanskeleg å bestemme riktig vareplassering manuelt, og derfor overlèt vi dette til eit dataprogram som reknar ut den beste lokasjonen basert på dei reglane vi har bestemt.

Her er dei vanlegaste reglane ein bruker:

  1. Sjekk kva for ei lagersone ei ny vare høyrer til (kjøl, frys, sval, tørr og så bortetter).
  2. Sjekk om lageret manglar ei vare. Viss ja skal vara vidare til ei plukksone.
  3. Sjekk kva for eit lagernivå (F-pak, D-pak eller T-pak) vara har.
  4. Sjekk om det finst ledige lageradresser i lagersona for det aktuelle lagernivået.
  5. Tildel lokasjon i ei ledig lagersone.
Reoler med varer i fire høyder.foto.

Lageret har to lagernivå – eit plukklager med D-pak og eit volumlager med T-pak. Plukklageret ligg i golvhøgd, volumlageret ligg høgare. Normalt utgjer dei to lågaste reolane plukklageret, og dei tre høgaste utgjer volumlageret.

Lagerstyringssystemet held også greie på kva for nokre varer som blir plukka oftast. Desse varene kallar vi A-varer. Varer med låg omløpshastigheit kallar vi C-varer. Ved tildeling av lokasjonar får A-varene lokasjonar nærmast oppstillingsområdet for transport, medan C-varene får lageradresser lengst unna. Dermed oppnår vi å gå mange korte turar når vi plukkar A-varer, og få lange turar når vi plukkar C-varer. Vi minimaliserer med andre ord interntransporten på lageret.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Drift på terminal og lager