Plukk, samanstilling, emballering og oppstilling for transport
Når tida er inne, klargjer datasystemet plukklistene for dei ulike plukksonene. Nokon lager skriv ut plukklister på skrivarstasjonar i kvar plukksone. Andre får overført plukkinformasjonen trådlaust til dataskjermar på plukktruckane, medan andre igjen får overført plukkinformasjonen trådlaust til eit hovudsett (talestyrt plukk). Fordelen med talestyrt plukk, eller voicepick, er at plukkarane då har begge hendene frie til plukk.
Etter kvart som ein artikkel er ferdig plukka, gir operatøren kommandoen «klar». Systemet gir då automatisk informasjon om neste artikkel som skal plukkast. Ved kommandoen «gjenta» kan operatøren få repetert den siste informasjonen, og så vidare.
Etter at plukket er ferdig i dei ulike plukksonene, går delordrane til eit samanstillingsområde, der varene blir lasta på ein kundepall – tunge varer nedst, lette som topplast. Deretter blir pallen emballert med strekkfilm for å stabilisere han under transporten og for å sikre lasta mot svinn. Til slutt blir pallen merkt med kunden sitt namn og mottakaradresse og blir så plassert på oppstillingsområdet for transport.
Fryse- og kjølevarer skal ha ubroten temperaturkjede. Slike varer blir derfor ståande i plukksona til dei skal lastast på ein bil for transport. Mange bilar er i dag innreidde med skiljevegger, slik at éin og same bil kan handtere to eller tre ulike temperatursoner.