Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kundeservice og kunderelasjonar

Kva vil det seie å meistre kunsten kundeservice? Gode kunderelasjonar løner seg, og det er fleire måtar å pleie relasjonane til kundane på.
 Foto av ein smilande mann med hovudtelefonar framfor ein open pc.

Oppgåve 1

Kva blir oppfatta som god kundeservice? Diskuter ut frå konkrete døme.

Oppgåve 2

Sjå videoen "Kunsten med kundeservice" nedanfor. Legg spesielt merke til kva dei i filmen meiner er avgjerande for at kundar skal oppleve kundeservicen som god. Skriv ned medan du ser filmen.

Oppgåve 3

I videoen "Kunsten med kundeservice" kan du mellom anna høyre om kor viktig det er å kunne "lese mellom linjene" i kommunikasjonen med kundane. Gjer greie for kva som blir meint med dette.

Oppgåve 4

Samtalerobotar, også kalla chat-robotar eller chatbots, nyttar kunstig intelligens. Fleire bedrifter nyttar denne typen løysing som eit serviceelement i kundeoppfølginga si.

  1. Drøft fordelar og ulemper med bruk av samtalerobotar.

  2. Diskuter om samtalerobotar kan etterlikne menneskeleg intelligens på ein måte som bidreg til god kundeservice.

Oppgåve 5

Skriv eit refleksjonsnotat med tittelen "Kunsten med kundeservice" der du reflekterer over kva det vil seie å meistre kunsten kundeservice i praksisbedrifta di.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2022

Læringsressursar

Kundeoppfølging