Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn CRM-systemet ditt

Tenk deg at utplasseringsbedrifta di treng eit nytt CRM-system. Kva bør dei velje?
Avkryssingsrubrikkar på eit ark som viser eitt misfornøgd, eitt nøytralt og eitt fornøgd smilefjes. Ved sida av ligg ei penn. Foto.

I denne oppgåva skal du bruke utplasseringsbedrifta di som utgangspunkt. Viss ikkje det lèt seg gjere, kan du bruke ei anna bedrift du kjenner til.

Oppgåve

Bedrifta ønskjer eit betre system for kundeoppfølging, både for å få nye kundar og for å auke sal, meirsal og gjensal. Dei er usikre på kva dei skal velje og har bede deg om hjelp.

  1. Lag ei kort skildring av bedrifta og korleis dei gjennomfører kundeoppfølginga si i dag. Har dei allereie eit CRM-system?

  2. Lag ei kort skildring av kva behov bedrifta skal dekkje med eit nytt system.

  3. Bruk skildringa til å finne ulike alternativ på nettet:

    1. Finn det billigaste.

    2. Finn det dyraste.

    3. Finn eit norsk alternativ.

    4. Finn eit utanlandsk alternativ.

  4. Lag ein presentasjon av dei ulike alternativa, og diskuter fordelane og ulempene med dei.

  5. Kom med di tilråding. Grunngi valet ditt i presentasjonen.

  6. Hald presentasjonane for kvarandre, og diskuter:

    1. ulike behov for ulike bedrifter

    2. fordelar og ulemper med dei ulike alternativa

    3. kva som skil dyre CRM-løysingar frå gratis/billige CRM-løysingar

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021

Læringsressursar

Kundeoppfølging