Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Alias-oppgåve om lovverk i marknadsføring

Har du spelt Alias nokon gong? I denne oppgåva skal du forklare fagomgrep knytte til lovverk i marknadsføring etter reglane i spelet Alias.
Tre tenåringsjenter ler vennleg ertande mot ein gut i klasserommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reglar

Alias er eit spel som går ut på å forklare ord til medspelaren på same lag utan å bruke sjølve ordet. I originalversjonen skal ein til dømes forklare ordet "buss", og då kan ein seie: kollektivt køyretøy som fraktar personar, motorisert, stoppar på haldeplassar, og så vidare. I denne Alias-oppgåva skal de forklare fagomgrep utan å bruke sjølve ordet.

Organisering

Del inn klassen i grupper på fire, som igjen blir delt inn i to par. Då er to og to på lag og speler mot det andre paret i firargruppa. Gi kvar gruppe 18 lappar med fagomgrep. Skjul innhaldet på lappane til dei skal brukast. Kvart lag får eitt minutt per tur til å forklare omgrepa for kvarandre. Dei to som ikkje er på det aktive laget, passar tida. Laget gjettar så mange ord som mogleg på eitt minutt og får eitt poeng for kvart ord dei gjettar riktig. Laga speler annankvar gong heilt til alle lappane er brukte opp. Det laget som har flest riktige, er vinnaren innanfor firargruppa.

Omgrep som skal forklarast
  1. marknadsføringslova

  2. god forretningsskikk

  3. generalklausulen

  4. urimeleg handelspraksis

  5. Forbrukartilsynet

  6. Marknadsrådet

  7. varemerke

  8. varemerkelova

  9. åndsverk

  10. åndsverklova

  11. personvern

  12. forbrukarkjøp

  13. forbrukarkjøpslova

  14. mangel

  15. forseinking

  16. reklamasjon

  17. angrerett

  18. angrerettlova

CC BY-SASkrive av Caroline Eriksen Krilic og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring