Hopp til innhald

Fagstoff

Angrerettlova

Hovudprinsippet er at forbrukaren på visse vilkår kan oppheve kjøpet innan 14 dagar etter at han gjorde avtalen. Dette gjeld særleg ved kjøp utanfor fast salsstad.
Person som skriv på datamaskin og held eit bankkort i eine handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når gjeld lova?

Du har rett til å heve kjøpsavtalen dersom vilkåra for angrerett etter angrerettlova er til stades. Dette er berre aktuelt når kjøpet har skjedd utanfor butikk eller annan fast salsstad, såkalla fjernsal. Vanleg butikksal høyrer ikkje inn under lova. Då gjeld forbrukarkjøpslova.

Eit typisk eksempel er telefonsal, men vi kan òg nemne sal gjennom tv-shop, Internett, sms eller postordre, eller ved dørsal, messe- og utstillingssal, sal på arbeidsplassen, home parties, sal på bussturar osv. Med visse unntak gjeld lova også ved kjøp av tenester.

Formålet er å gi forbrukaren tid til å tenkje seg om dersom ein har kome ut for eit «overrumplande» sal, eller det ikkje har vore mogleg å prøve ut produktet.

Angrerettlova på lovdata.no

Unntak for spesielle varer

Du har for eksempel ikkje angrerett på:

  • kjøp eller bygging av bolig
  • persontransport som buss, tog og fly
  • pakkereiser (men har har du gode høve til å avbestille)
  • ferske varer som mat og blomster
  • ting det er umogleg å returnere, som fyringsolje eller jord spreitt ut i ein hage
  • hotellovernattingar, forestillingar og konsertar
  • hastereparasjonar heime hos deg
  • forsegla medie- og intimprodukt viss du har opna det

Men: I desse tilfella må seljaren ha informert deg på førehand om at du ikkje får angrerett.

Ved fjernsal, for eksempel kjøp av mobil på nettet, skal eit angrefristformular alltid følgje med sendinga. I motsett fall har du angrefrist i eitt år (sjå § 9 i lova).

Tidsfristar

Hovudregelen er at kjøparen kan gå frå kjøpet utan nærare forklaring i 14 dagar etter å ha fått gjenstanden. Seljaren må då orienterast om det.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring