Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Har kunden alltid rett?

Forbrukarkjøpslova vernar om rettane til forbrukarar ved forbrukarkjøp. For ein næringsdrivande er det spesielt viktig å kjenne til orda reklamasjon, garanti og angrerett.

Rollespel

  • Jobb i grupper på fire.

  • Sjå på videoen og set dykk inn i temaet forbrukarrett.

  • Lag tre små rollespel med utgangspunkt i

    • reklamasjon

    • angrerett

    • garanti

  • Rollene består av ein butikksjef, ein tilsett, ein forbrukaradvokat og ein kunde.

  • De vel først roller. Bruk fantasien, og skap situasjonar som kan oppstå.

  • Gruppene lagar eit rollespel som dei framfører i klassa.

  • Ta ein klassediskusjon i etterkant av kvart rollespel, og evaluer løysingane som kom fram.

Dommer Liv Gjølstad, høyesterettsjustitiarius Tore Schei og dommer Steinar Tjomsland. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Relatert innhald

Det er mange lover som regulerer forholdet mellom sals- og reiselivsbedrifter og kundane deira. Her blir du nærare kjend med nokre av desse lovene.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2021

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring