Hopp til innhald

Fagstoff

Telefonsal og uønskt reklame

Mange kjenner seg plaga av telefonseljarar og av postkasser fulle av reklame. Marknadsføringslova gir kundane dine moglegheit til å reservere seg mot uønskt direkte marknadsføring.
Ei ung dame er på jobb som telefonseljar og sit framfor ein PC med hovudtelefonar. Rundt ho er det sko, bok, straumnett, undertøy og ei sprayflaske. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reservasjonsregisteret

Forbrukarombodet får mange klagar på uønskt telefonsal. Når vi driv sal og marknadsføring på telefon eller med adressert post, skal vi oppdatere adresseregisteret vårt mot Reservasjonsregisteret for direktemarknadsføring.

Forbrukarar kan reservere seg både mot telefonsal og adressert reklame på nettsida til Brønnøysundregistera, ved å logge inn på Reservasjonsregisteret med ID.

Reserver deg mot telefonsal og adressert reklame

Du kan registrere deg i reservasjonslista til Brønnøysundregistera.

Det er enkelt og gebyrfritt å reservere seg mot slike førespurnader. Dette gjeld òg for innsamlingsaksjonar til frivillige organisasjonar. Du kan angi at reservasjonen likevel ikkje skal gjelde frivillige organisasjonar.

Reservasjon i Reservasjonsregisteret gjeld ikkje marknadsføring der det eksisterer eit kundeforhold.

Næringsdrivande kan ikkje reservere seg i Reservasjonsregisteret.

Oppdatere adresseregister

Om du ønskjer å sende ut reklame retta mot privatpersonar som kundar, er du pliktig til å oppdatere listene mot Reservasjonsregisteret minst kvar månad.

Det er forbode å rette marknadsføring med telefon eller adressert post til personar som har reservert seg mot dette i Reservasjonsregisteret eller direkte hos den næringsdrivande.

I §§ 12 og 13 i marknadsføringslova blir retten til reservasjon og verknader av reservasjonen beskrivne. § 14 har ei føresegn om at det er forbode å rette marknadsføring ved telefon til forbrukarar på visse dagar og tidspunkt. Det gjeld mellom anna laurdagar og helgedagar og vyrkedagar før klokka 9.00 og etter klokka 21.00.

Les meir om forbod mot marknadsføring

Kapittel 3 i marknadsføringslova §§ 12, 13 og 14, lovdata.no

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 18.01.2019

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring